Nintendo DS (ニンテンドー,DualScreen ellerDevelopersSystem, ofte forkorta tilNDS ellerDS) er ein handheldtspelkonsoll laga av det japanske føretaketNintendo. DS blei lansert i2004 iJapan ogNord-Amerika, og kom tilEuropa i2005.
Nintendo DS består av to samanleggbareskjermar, der den eine skjermen er trykkfølsom. Det fylgjer med ein eigengriffel som nyttast til peike på skjermen med. Spelekosollen er og utstyrt medmikrofon og støtte for trådlaus kommunikasjon (IEEE 802.11). Innan ei grense på om lag 10–30 m, avhengig av førehalda, kan 2-8 spelarar såleis spele saman mot kvarandre. Sidan spelkonsollen støttar nedlasting av innhald frå andre DS'ar, er det ikkje naudsynt at alle eig det same spelet. Når konsollen vert slått av, vert nedlasta innhald sletta frå minnet.
Nintendo DS nyttar ein eigen typespelekassettar som på størrelsen kan minne om vanlegeminnekort. Spelkassetten skal setjast inn i eit hol bak DSen. Nintendo DS støttar og spelekasettar tilGame Boy Advance. Ettersom desse kassettane er smykje større, vert ei anna hol nytta for å sette inn desse spela. DS støttar derimot ikkje spel til den originaleGameboy ellerGameBoy Color.
Nintendo DS Lite er ei mindre og lettare utgåve av Nintendo DS som vart annonsert 26. januar 2006.[1] Konsollen vart utgjeve først i Japan 2. mars 2006, og kom til Nord-Amerika og Europa juni same året.
Nytt med DS Lite er klårare og lysare skjermar, der ein kan justere lysstyrken på dei mellom fire nivå. Skalet på maskina er no blankt på utsida, og matt inni. Lysindikatorane som synar om eininga er slått på eller blir lada er flytta opp til øvre høgre hjørne, som gjer lysa synlege både når maskina er opna og lukka att. Styrekrossen og A-, B-, X- og Y-knappane er blitt omforma for å stå nærare i stil med dei påWii ogGame Boy Micro.[2] Av/på knappen er flytta frå øver venstre hjørne på innsida til høgrekanten på utsida av eininga. Peikepennen er gjort større, og blir putta inn i eit hol på høgrekanten av konsollen.
Game Boy Advance-utgangen på maskina er blitt mindre, noko som gjer at GBA-spelekassettar står ut av maskina med om lag 1 cm. Med kvar DS Lite følgjer det med eit støvdeksel som ein kan ha i GBA-utgangen om han ikkje blir brukt.
Den2. oktober2008 kunngjorde Nintendo nok eit brigde på Nintendo DS, kjend somNintendo DSi. Denne utgåva har større skjermar og eit nytt grensesnitt som lèt spelarane laste ned spel frå nettet. Støtta for Gameboy Advance spel er fjerna. Istaden kan DSi nytteSD-minnekort til å redigere, vise og ta bilete med det innebygde kameraet.