Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Nintendo 64

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nintendo 64
Ein Nintendo 64-konsoll og ein grå handkontroll
ProdusentNintendo
TypeSpelkonsoll
LanseringJP: Juni 1996
NA: September 1996
EU: Mars 1997
Einingar selde32,93 millionar
Mestseljande spelSuper Mario 64
(11 millionar)
ForgjengarSuper Nintendo
Entertainment System
EtterfølgjarNintendo GameCube

Nintendo 64, forkortaN64, er den tredjespelkonsollen fråNintendo. Maskinen har namnet sitt etterCPU-en med 64-bit-arkitektur og vart lansert juni 1996 iJapan, september 1996 iNord-Amerika ogBrasil, mars 1997 iEuropa ogAustralia og september 1997 iFrankrike. Han var den siste av dei større heimekonsollane som bruktespelekassettar som lagringsmedium, fram tilNintendo Switch vart lansert i 2017.[1] Dette førte til auka kostnader og mindre lagringsplass til spel i høve den konkurrerandePlayStation fråSony, der ein produserte spel påCD-plater, men også kortare tider for spela å laste inn.[2] Nintendo 64 vart etterfølgt avNintendo GameCube i 2001 i Nord-Amerika og Japan, og året etter i Europa.

Nintendo 64 gjekk under kodenamnet «Project Reality» medan han var under utvikling, og marknadsføringa av konsollen fokuserte sterkt på 3D-grafikken han kunne produsere.[3] Han vart lansert samtidig med to spel i Europa:Super Mario 64 ogPilotwings 64. Handkontrollen som følgde med konsollen var mellom dei første med innebygd analog stikke, og har ein utvidingsport på baksida der ein kan installere ekstrautstyr, til dømes Rumble Pak som gjev tilbakemelding frå spel i form av vibrasjonar.[4] Nintendo 64 har selt 32,93 millionar eksemplar verda over, og han kom ut i fleire ulike fargar og variantar i løpet av levetida.[5] Dei mest populære spela til konsollen erSuper Mario 64, som selde over 11 millionar kopiar, i tillegg tilThe Legend of Zelda: Ocarina of Time,Goldeneye 007 ogMario Kart 64, som har selt høvesvis over sju millionar, åtte millionar og ni millionar kopiar globalt.[6]

Referansar

[endre |endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld:Nintendo 64
Spelkonsollar fråNintendo
Konsollar
Handhaldne
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Nintendo_64&oldid=3389391»
Kategoriar:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2026 Movatter.jp