Nintendo Corporation, Limited er eit japanskfleirnasjonalt selskap som produserer dataspel og forbrukarelektronikk. Selskapet har hovudkvarter iKyoto, Japan og vart etablert i 1889 på grunnlag av japanske spelekort. Selskapet tok i 1951 namnet Nintendo Playing Card Company, og frå 1963 det noverande namnet.
Selskapet byrja å lage dataspel i 1970-åra og vart raskt ein av dei leiande produsentane i verda av slike. Nintendo etablerte seg i 1980 i USA. I 1980-åra kom spelkonsollenNintendo Entertainment System (NES) som i seinare år har vore etterfølgd av nyare og kraftigare konsollar. I 1989 vart den handhaldne spelkonsollenGame Boy lansert, og denne konsollserien har vore ein av dei største suksessane til selskapet. Den handhaldneNintendo DS med to skjermar kom i 2004, og i 2006 kom spelkonsollenWii, som fokuserer på rørslekontroll i spel. Desse har vore etterfølgde av dei aktuelle konsollaneNintendo 3DS ogWii U.
Nintendo byrja på 1970-talet å lage moderne leiketøy, som mange andre japanske føretak på den tida. Det første var ein slags elektroniskbowling. I Europa blei firmaet kjend da dei populæreGame & Watch-spela blei lanserte i1980-åra. Dei laga også den første lysbaserte digitale pistolen saman medMitsubishi Technology, kjend fråDuck Hunt som var eit av dei første spela til den første konsollen:NES (Nintendo Entertainment System). Pistolen blei først brukt i konsollar, og baserer seg på at eit mønster lyser opp skjermen i det ein skyt, så fort at ein nesten ikkje rekkjer å sjå det, og eit kamera inni pistolen les av mønsteret, og finn ut om ein har sikta på riktig stad. Nintendo satsa no heilt på videospelmarkedet. Dei blei nokså fort ein av dei mektigaste selskapa i spelbransjen, med eit firma som hadde divisjonar iUSA,Tyskland og Japan.
I1982 skapteShigeru Miyamoto speletDonkey Kong. Helten i spelet, som i førsten blei kalla forJumpman, var ein liten og tjukk røyrleggjar som prøvde å redde ei fortapt kvinne, Pauline, frå ein villgorilla. Jumpman blei omdøpyt dåNintendo of America flytta hovudkontoret sitt. Sidan Jumpman hadde mange fellestrekk med huseigaren av kontoret,Mario Segali, blei han omdøpyt til «Mario». Då Nintendo lanserte Donkey Kong-spela, blei dei saksøkt av firmaet bak den kjende filmenKing Kong. Rettssaka enda til fordel for Nintendo. Donkey Kong namnet oppstod på grunn av eit mistak under ein telefonsamtale, då dei japanske speldesignarane prata med ein amerikanar om kva spelet skulle heite. Japanarane oppfatta at han sa Donkey Kong, då han eigentleg sa Monkey Kong. Sidan dette ikkje blei retta opp før det første spelet vart lansert, har ingen gjort noko for å endre på det seinare. Namnet er no assosiert med ein apekatt som kastar tønner. «Donkey» tyder «esel» på engelsk. Spelet blei Nintendo sin første store suksess.
Nintendo Entertainment System, ofte omtalt som NES eller berre Nintendo, er Nintendo sin fyrste stasjonære spelkonsoll. Han blei lansert i Japan i 1983 under namnet Famicom. Seinare blei maskina lansert i både Europa og USA under namnet Nintendo Entertainment System. Det var særs lite konkurranse for Nintendo på denne tida, men etterkvart byrjaSega å komme inn på spelmarknaden med den fyrste spelmaskina si;Sega Master System.NES har selt over 65 millionar eksemplar.
Super Nintendo Entertainment System er Nintendo sin andre stasjonære spelkonsoll, og arvtakaren tilNintendo Entertainment System. Kontrollen som følgde med maskina introduserte fleire nye knappar i forhold til NES, mellom anna skulderknappane L og R. SNES konnkurerte medSega Mega Drive (kjend som Genesis i USA). I likskap med NES kom spela på kassettar ein måtte putte inn i maskina for å kunne spele dei. Mange kjende Nintendo-spel frå NES-tida fekk oppfølgjarar på SNES, mellom anna Super Mario World og The Legend of Zelda: A Link to the Past. SNES har selt over 49 millionar eksemplar.
Nintendo 64 er Nintendo sin tredje stasjonære spelkonsoll, og kunne yte med grafikk i full 3D. Konsollen gjekk under kodenamnUltra 64 fram til1996 då det endelege namnet blei avduka. Utrykket64 kjem frå 64-bits prosessoren i spelkonsollen. Nintendo valde å halde fram med å nytte kassettar som lagringsmedium for spel i staden for CD-ROM trass underlegen lagringskapasitet. Grunnen til dette valet var me.a. fordi Nintendo meinte at lastetider var for dryge på CD-ROM. Nintendo 64 var den fyrste stasjonære spelkonsollen som introduserte analog styrestikke og ristefunksjon (ekstrautstyr). Nintendo 64 har selt over 32 millionar eksemplar.
Nintendo GameCube er Nintendo sin fjerde stasjonære spelkonsoll. Han blei lansert året2001 iJapan ogUSA, og året2002 iEuropa. Konsollen skulle konkurrere medSonyPlayStation 2,SegaDreamCast ogMicrosoftXbox. Han var den fyrste Nintendo-konsollen som las av optiske discar, og var på den tida den billegaste og mest kompakte moderne spelkonsollen. Nintendo GameCube har selt over 21 millionar eksemplar. Korkje sjølve konsollen eller spela er no tilgjengelege for sal, men GameCube-konsoll, utstyr og spel er framleis populær handelsvare på fleire nettstader.
Wii (tidlegare kjend som Nintendo Revolution) er Nintendo sin femte stasjonære spelkonsoll. Han blei lansert i2006 i alle verdsdelar, noko som førte til ein del leveringsproblem. Maskinen tilbyr ein heilt ny måte å spele på. Kontrollen, som ser ut som ein fjernkontroll, har mindre knappar enn tidlegare og registrerer rørsler frå spelaren. Det er også mogleg å kople ein del eksterne kontrollar til for å auke utvalet av måtar å spele på. Wii er den fyrste stasjonære spelkonsollen frå Nintendo som er bakoverkompatibel med spel frå førre generasjon. Wii har selt over 50 millionar eksemplar til no.