Nikatorar | |
![]() Austnikator,Nicator gularis Foto: Alan Manson | |
Systematikk | |
Rike: | DyrAnimalia |
Rekkje: | RyggstrengdyrChordata |
Underrekkje: | VirveldyrVertebrata |
Klasse: | FuglarAves |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | SporvefuglarPasseriformes |
Familie: | NikatorfamilienNicatoridae |
Slekt: | NikatorarNicator Hartlaub &Finsch,1870 |
Nikatorar er eibiologisk slekt med vitskapleg namnNicator av tre middels storesporvefuglar, endemiske tilAfrika sør for Sahara.[1] Namnet på slekta kjem avgresk 'nikator', erobraren.[2]
Nikatorar ervarslarliknandefuglar, 16-23 cm i lengd.Austnikator ogvestnikator er like i storleik og større enngulstrupenikator. Hannane er monaleg tyngre enn hoene, til dømes er hannar hos vestnikator 48-67gram, medan hoene berre veg 32-51 gram. Gulstrupenikator er mykje lettare, varierer i området 21-26 gram. Nikatorar har kraftige nebb med krok i enden. Fjørdrakta i slekta er generelt olivengrøn på ryggen, stjert og venger, med gule flekker på vengene, og ljosare grå eller kvitaktige underside.[1]
Vestnikator har ein stort sett kontinuerleg distribusjon fråSenegal til austlegeUganda og nordlegeAngola. Austnikator har ei usamanhengande utbreiing i Aust-Afrika fråSomalia sør til austreSør-Afrika. Gulstrupenikator er utbreidd i det sentrale Afrika fråKamerun til Uganda.[1] Nikatorar okkuperer eit breitt utval av skogshabitat.[1]
Plasseringa av slekta i systematikken har vore eit langvarig mysterium. Gruppa vart opphavleg lagt til i familienvarslarar, Laniidae. I 1920-åra kommenterte ornitologenJames Chapin likskapane mellom nikatorar ogbylbylar, Pycnonotidae, og mellom nikatorar og buskvarslarar, Malaconotidae. Det var ikkje før 1943 at Jean Théodore Delacour plassert slekta inn i bylbylar.Storrs Olson hevda at slekta var nærare knytt til buskvarslarar, fordi nikatorar mangla forbeining av naseboret slik ein finn det hos alle andre bylbylar.[3] Ei rekkje funksjonar, blant anna plasseringa av fjørbust i andletet, reira og lydytringane deira, gjer slekta unik, og frå DNA-studium er det nyleg gjeve framlegg om at slekta er best handsama som ein sjølvstendig familie.[4] Nokre autoritetar, somClementslista, har godtatt den nye familien Nicatoridae.[5]Innanfor slekta er den vestlege og den austlege nikatorarten vurdert å danne ein superart og er nokre gonger handsama som same arten.[1]