Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Nikab

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kvinne frå Jemen med nikab.
Kvinne med nikab i Saudi-Arabia
Muslimsk kvinne med rosa nikab iSylhet i Bangladesh.

Nikab (niqāb) er eithovudplagg som dekker heile andletet, men ikkje auga.[1] Plagget vert bore av nokremuslimske kvinner som ein del av ein heildekkandehidsjab. Plagget vert brukt mykje i delar avMidtausten, men kan òg finnast brukt iNord-Afrika,Søraust-Asia og detIndiske subkontinent. Plagget er mest utbreidd i landa påDen arabiske halvøya.[2]

Opphav

[endre |endre wikiteksten]

Det vert av og til hevda at ansiktsløret opphavleg var ein del av kvinna si bekledning i nokon klasser i det bysantinske imperiet, og at det så vart teke inn i muslimsk kultur etter den arabiske erobringa avMidtausten.[3] Likevel, sjølv om bysantinsk kunst før Islam viser kvinner med tilsløra hovud/hår, så viser den aldri kvinner med tilsløra andlet. Den greske geografenStrabo, som skreiv i det første hundreårete.Kr. refererer til nokre persiske kvinner som dekte andletet, og den kristne forfattaren Tertullian, som levde i det tredje hundreåret, refererer i verketTilsløringa av jomfruer til to heidenske kvinner iArabia som ber eit slør som dekker heile andletet.[4] Desse tidlege kjeldene viser at det fanst bruk av ansiktslør blant kvinner i Arabia ogPersia lenge førislam.

Forbod

[endre |endre wikiteksten]

Nytta av ansiktdekkende slør har vore omstridt moderne tid. Spesielt i den vestlege verda der enkelte land har nedlagt forbod mot det. I 2015 fekk Frankrike medhald avDen europeiske menneskerettsdomstolen for eit slikt forbod for offentleg tilsette. Eit tilsvarande forbod mot å dekkja til andletet på offentleg stad fekk støtte frå same domstol i 2014.[5] Fleire andre land har heilt eller delvis forbod eller restriksjonar mot ansiktdekkande slør.

Det finst òg ulike forbod mot plagget i fleire muslimske land, som i Tyrkia,[6] Syria,[7][8] og Egypt.[9]

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. «Nå kan du skrive «kviss» og «nikab» på norsk».Trønder-Avisa. 11. desember 2015. Arkivert fråoriginalen 8. november 2018. Henta 11. desember 2015. 
  2. Facinghistory - A Brief History of the Veil in Islam (besøkt 29.11.2015)
  3. Sjå til dømes F.R.C. Bagley, "Introduction", in B. Spuler,A History of the Muslim World.
  4. The Veiling of Virgins Ch. 17. Tertullian skriver, "De hedenske kvinner i Arabia, som ikke bare dekker sine hoder, men også hele ansiktet, slik at de heller vil nyte halve lyset med ett øye enn å prostituere sitt ansikt, vil dømme deg. (Judicabunt vos Arabiae feminae ethnicae quae non caput, sed faciem totam tegunt, ut uno oculo liberato contentae sint dimidiam frui lucem quam totam faciem prostituere)."
  5. NRK - Slør-forbud ikke i strid med menneskerettighetene (27.11.2015)
  6. «Fez, niqab now allowed in marriage photos in Turkey - Türkiye News»,Hürriyet Daily News (på engelsk), 11. februar 2015, henta 14. januar 2024 
  7. «Syria suspends fully veiled school teachers». Al Arabiya. 29 June 2010. Arkivert fråoriginalen 2 July 2010. Henta13 July 2010. 
  8. "Syria's Solidarity With Islamists Ends at Home", Nytimes.com, 3 September 2010; retrieved 4 September 2010.
  9. «Egypt bans niqab in schools»,Middle East Eye (på engelsk), henta 14. januar 2024 
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Nikab&oldid=3524192»
Kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp