New Delhi ellerNye Delhi (hindiनई दिल्ली,naī dillī) er hovudstaden iIndia. Saman medGamle Delhi utgjer han storbyenDelhi som ligg i det føderale territorietDelhi nord i landet.
MedanCalcutta var den viktigaste byen i mesteparten av denbritiske kolonitida, haddeDelhi historisk vore ein viktigare by for store delar av India. Mellom anna skalbharatadynastiet, somMahabharata handlar om, ha hatt hovudstaden sin her. Fram til den britiske krona tok maktai India i1858 var byen hovudstad formughalkeisarane. På grunn av den statelege utsjånaden og atmosfæren blei Delhi mykje brukt av britane for større seremonielle samlingar, som kongelege vitjingar.
I1911 annonserte dei britiske styresmaktene at hovudstaden skulle flyttast hit frå Calcutta, og flyttinga fann stad den12. desember same året. Dei bygde ein ny by, New Delhi, sør for den gamle byen somSjah Djahan hadde reist, og som no gjerne blir kalla Old Delhi. Allereie då overlappa den nye byen mykje av den gamle, slik at mange eldgamle monument blei liggjande i nye Delhi. Seinare byvekst har ført til eit endå vagare skilje mellom dei to byane.
Mykje av New Delhi blei planlagd avEdwin Lutyens på ein måte som kan minna omWashington ellerHaussmannsParis. Store, vide avenyar og prangande bygg skulle imponera nykomarar.
Då India fekk sjølvstende, fortsette New Delhi som hovudstad. Regjeringa i landet og presidenten held til her. Det gjer òg høgsterett og leiinga til den indiske hæren.