Nevers er ein by og kommune sentralt iFrankrike. Han erpréfecture (administrasjonsstad) idepartementetNièvre iregionenBourgogne-Franche-Comté. Byen har om lag 45 000 innbyggjarar, og ligg der elvaNièvre munnar ut iLoire. Nevers ligg i den tidlegarefranske provinsenNivernais, 260 km søraust forParis.
Noviodunum var det tidlege namnet på Nevers, som etter kvart endra seg tilNebirnum. Alle medaljane og andreromerske lekamar ein har funne på staden viser at det må ha vore ein viktig stad dåCæsar valde staden som militærlager for kveite, pengar og gislar. I52 fvt. var det første staden som vart erobra av opprøraren Aedui.
Han vart bispesete på slutten av 400-talet. Grevskapet Nevers går minst tilbake til 900-talet. Innbyggjarane i Nevers fekk privilegium i1194 og1231. Ei kort stund på 1300-talet var byen sete for eit universitet, som seinare vart overført tilOrléans.

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld:
Nevers