Neva er 74 km lang. 28 km av elva renn innanfor bygrensene til St. Petersburg, medan resten ligg innanforLeningrad oblast. Ho renn sørvestover frå Ladogoa og når det sørlegaste punktet sitt der ho renn saman medTosna og svingar så nordvestover og ut iFinskebukta. I snitt er elva 400 til 600 meter brei og på det meste 1,2 km. Middeldjupna er 8-11 meter, og på det meste 24 meter. Nedslagsfeltet til Neva inkluderer innsjøane Ladoga ogOnega, dei to største iEuropa, og dekkjer eit stort område avNordvest-Russland og Sør-Finland.
Neva er ei ung elv som oppstod for mellom 4000 og 2000 år sidan, dåLadoga voks og brote gjennom ved Porogi i dei nedre delane av elvIzjora, som då var ei elv som rann direkte ut iFinskebukta gjennom dei nedre delane av dagens Neva. I følgje nyare date skjedde dette for 3100radiokarbonår sidan (3410-3250 kalenderår sidan).[1]
På1500-talet bygde svenskane festningaNyen ved munningen av Neva og ved inngangen til Ladoga låg den russiske festningaOresjek, seinare kallaSjlisselburg. Nyen vart øydelagd avPeter den store og etterpå grunnla hanPeter-Paulfestninga i 1703. VedZajatsjijøya vert denne festninga rekna som den første bygningen i dagens St. Petersburg. Det var òg Peter som gav ordre om å byggje Ladogakanalen, som knytte Neva til elvaneVolkhov ogSvir fleire kilometer sør for Ladoga.
Neva er den mest nordvestlege delen avVolga-Austersjø-kanalen, som går mellomVolga ogAustersjøen. Denne vassvegen er seglbar for sjølv dei største elveskipa og er ein viktig del av innlandstransport mellom St. Petersburg ogMoskva. Mange passasjerfartøy nyttar vassvegen i lag med store transportskip.[2]
Ust-Izjora, der slaget ved Neva visstnok fann stad i 1240.
Midtvinters frys elva til og kan ikkje nyttast til transportføremål.