Neuss er ein by iTyskland idelstatenNordrhein-Westfalen med om lag 155 000 innbyggjarar. Byen ligg ved den vestlege breidda til elvaRhinen medDüsseldorf på andre sida. Byen har gjennom alle tider nytt godt av å ha vore plassert ved kryssingspunktet til både moderne og historiske handelsruter.
Neuss vart grunnlagd avromarane i år16 fvt. som ein militær utpost (castellum) med namn Novaesium sør for byen, der elvaErft munnar ut i Rhinen. Seinare vart det grunnlagd ein sivil busetnad i det1. hundreåret ved det som i dag er sentrum av byen. Novaesium, i lag medAugsburg (Augusta Vindelicorum) ogTrier (Augusta Treverorum), er ein av dei tre eldste romerske busetnadane i Tyskland.
Neuss voks gjennommellomalderen sidan han låg ved fleire handelsruter og ved eit kryssingspunkt over Rhinen. På 900-talet vart leivningane avmartyren ogtribunenQuirinus flytta til Neuss. Dette førte til atpilegrimar reiste til heilagdomen sjølv frå land utanforDet tysk-romerske riket. Neuss vart først dokumentert som ein by i1138.
Ein av dei største hendingane i byen si historie er omleiringa av byen i 1474/1475 avKarl den modige, hertug avBurgund, som nesten varte eitt år. Innbyggjarane stod imot omleiringa og som løn fekk byen av keisarFriedrich III rett til å prege sine eigne myntar og vise det keisarlegevåpenskjoldet, keisarørna og krona i sitt eige byvåpen. Neuss vart eit medlem avHansaen, sjølv om han aldri vart akseptert av dei andre medlemmane av handelslauget.
I1586 vart meir enn to tredjedelar av byen øydelagd av brann, og fleire krigar under regjeringstida tilLouis XIV av Frankrike førte til dårlege økonomiske kår for Neuss. Byen vart gradvis ein mindre viktig handelsby og frå midten av 1600-talet var Neuss stort sett berre viktig for jordbruket sitt.
Frå 1794 til 1814 var Neuss ein del avFrankrike under regjeringstida tilNapoleon. I 1815 vart Neuss ein del avPreussen, og vart omorganisert som ein del av ein kreis med kommunane Neuss,Dormagen,Nettesheim,Nievenheim,Rommerskirchen ogZons. På den tida hadde byen 6 333 innbyggjarar.
Neuss vart igjen eit økonomisk senter på 1800-talet då hamna vart utvida i 1835 og den industrielle aktiviteten auka. Bygrensene vart utvida i 1881.
I 1968 vart namnet på byen endra fråNeuß tilNeuss. I 1975 vart byen Neuss oglandkreisenGrevenbroich slått saman tilRhein-Kreis Neuss med eit innbyggjartal på 440 000 og administrasjonssete i Neuss.

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld:
Neuss