Twitter starta som eit forskings- og utviklingsprosjekt i selskapetObvious iSan Francisco i mars 2006 og vart fyrst berre nytta internt i selskapet. Jack Dorsey sende den aller første twittermeldinga 21. mars 2006, med orda «just setting up my twttr».[3] «Twttr» var arbeidsnamnet på tenesta før den vart offentleg lansert for allmenn bruk i oktober 2006.[4]
Gjennom Twitter kan informasjon formidlast raskt. Då eit fly frå Turkish Airlines styrta vedSchiphol i februar 2009, vart det formidla fyrst gjennom Twitter. Vel så viktig er likevel at Twitter er eit medium for løpande kontakt, t.d. mellom venner og isosiale nettverk. Også fleire politikarar har teke i bruk mediet, t.d. brukteBarack Obama det aktivt i kampanjen for å verte amerikansk president i2008. PresidentDonald Trump nyttar Twitter særs aktivt og har over 44 millionar følgjarar.[5] I Noreg har mange framståande politikarar teke i bruk tenesta.
I august 2014 vart Twitter som fyrste sosiale medium, nytta til å erklære krigstilstand mot eit anna land. Det var president iAserbajdsjan, İlham Alijev, som viaTwitter erklærte krig mot grannelandetArmenia.[6]
Twitter bruker språkplattformer på engelsk og (sidan april 2008)japansk.
Etter "Twitter" logoen blei endra til "X" på hovudkvarteret i San Fransisco 24. juli fekk bedriften 24 klager på grunn av brot på tryggleik. Skiltet blei fjerna etter tre dagar.[1]
Oppdateringane kan visast på profilsida til brukarane, og vert mottekne av andre brukarar som har meldt seg på for å lese dei. Brukarane kan skrive og lese via Twitter-websida,SMS,RSS, epost eller ved hjelp av nettsamfunn somTwitterrific ellerFacebook.
På Twitter vert emneknagg nytta for å kategorisere og knytte meldingar saman. Emneknaggar gjer det enklare og søke og gjer meldingane meir synlege. Twitter anbefalar å nytte ein til to emneknaggar i kvar melding som beste praksis.[7] Emneknagg vart introdusert av Chris Messina 23. august 2007,[8] men vart i byrjinga avvist. Gjennombrotet for emneknaggar kom i oktober 2007 då lokale brannmenn nytta emneknaggen #SanDiegoFire for å kvitre om ei rekkje skogbrannar i området.[9]