Landskapet er stort sett flatt. Dei største høgdedraga erUralfjella i aust og den 300-400 meter høgeTiman-ryggen i vest. Over 75 % av Nenetsia ertundra, berre heilt i sør er det skog. Viktige dyr errein,fjellrev,rev,isbjørn,sel ogkvalross. Den største elva erPetsjora, 220 km av ho er på Nenetsia sitt område. I tillegg er det mange mindre sjøar og elvar. Klimaet erarktisk. Årsnedbøren varierer mellom 280 og 420 mm.
Gjennomsnittstemperatur i Nenetsia månad for månad
Nenetsia sitt folketal er 42 090 (2010), og folketettleiken er 0,24 per km². Etter Sovjetunionen sitt samanbrot har folketalet gått noko ned. I 2010 fordelte Nenetsia sitt folketal seg på ulike etniske grupper slik:Russarar 63,3 % (26 648),nenetsar 17,8 % (7504),komiar 8,6 % (3623),ukrainarar 2,3 % (987). I tillegg var det 4,3 % av folkesetnaden som ikkje oppgav etnisk bakgrunn.[1] Denslaviske delen av folket bur hovudsakleg i Narjan-Mar og dei andre tettstadene, nenetsane bur for det meste i landsbyane og på tundraen. Største delen av nenetsane snakkar det uralske språketnenetsisk, som er offisielt språk attmedrussisk.
Den einaste byen erNarjan-Mar (nenetsisk for «Raudbyen»), der det bur 21 700 menneske (2010). Andre tettstader erIskatelej (6881) ikkje langt unna Narjan-Mar ogAmderma (600 innb. i 2002) i nordaust. Omtrent 68 % bur i tettstader.[1]
Administrativt høyrde Nenetsia underArkhangelsk oblast, men etter oppløysinga avSovjetunionen vart Nenetsia eint eige føderasjonssubjekt iRussland, på line med Arkhangelsk. Nenetsia er delt inn i ein bykommune, to tettstadkommunar og 17 landsbykommunar (район, rajon), med i alt 43 landsbyar. Kommunane blir styrt av eit representantskap (Sobranije deputatov). Kvar kommune vel ordførar og representantskap i regionale val.
Nenetsia sin økonomi er grunnlagt påreindrift,olje oggass, ogfiske. I tillegg er det ein del pelsdyrjakt og -avl, seljakt, og næringslivs- og treforedlingsindustri. Jordbruket produserer meieriprodukt, potetar og drivhusgrønsaker. Dei viktigaste olje- og gassfelta er i dei austre delane av området, iTiman-Petsjora. Narjan-Mar er ikkje vegfast med omverda, dei viktigaste transportvegane er via luft og vatn, ikkje minst langs Petsjora. Dei viktigaste hamnene er i Narjan-Mar og Amderma.
Nenetsia vart ein del av Russland på slutten av 1400-talet. Ved munningen avPetsjora, ved breidda av Pusto-sjøen vart byenPustozersk, påkomiSar-dor) grunnlagt i 1499, denne byen miste den militære og kommersielle rolla si på slutten av 1700-talet. Til byen flytte det i laupet av hundreåra både russarar og komiar.
Den samojediske nasjonale krinsen (край) vart skipa i 1929, som eit resultat avStalin sin nasjonalitetspolitikk.Narjan-Mar vart administrativt senter i 1932. Krinsen vart endra til "område" (округ), dvs. fekk ein høgare status, i 1977.
Nenetsane varnomadar som levde avreindrift,jakt ogfiske. På 1930-talet vart dei kollektivisert inn i reindrifts- og fiske-kolkhosar, og russarane og komiane vart kollektivisert til fiske- og landbrukskolkhosar. Nokre av nenetsane busette seg på 1930-1950-talet i landsbyar rundt dei nyoppstarta kolkhosa, og levde som fiskarar og jegerar for kolkhosa. På 1960-talet vart det starta ein aktiv politikk for å gjere reindriftsnomadane bufaste, familiane vart busette i landsbyar, medan berre mennene var på tundraen og dreiv med rein. Denne politikken var berre delvis vellukka, for òg i dag er det mange nenetsiske samfunn som lever på tundraen, som nomadar.
På 1920-talet vart det oppretta eigne skoleinternat for nomadeungane. Undervisninga har vore på russisk, med eit par timar i veka på nenetsisk.
1 Okkupert og annektert av Russland i 2014.Ukraina og dei fleste FN-statane anerkjenner ikkje annekteringa. 2 Okkupert og annektert av Russland i 2022. Anerkjent som russisk territorium av Russland,Syria ogNord-Korea. Ukraina og dei fleste FN-statane anerkjenner ikkje annekteringa.