Cochran fekk den fyrste utdanninga si i heimen, men gjekk seinare på skule iIndiana. I1881 flytta familien tilPittsburgh, og det var der ho debuterte i journalistyrket. I 1885 gavPittsburgh Dispatch ut ein artikkel,What girls are good for, der ein ville innskrenke kvinnene si verd tilhushaldsarbeid og familie. Til denne artkkelen forfatta den 18-årige Elizabeth eit engasjert svarbrev, som resulterte i at sjefredaktøren tilbaud henne arbeid i avisa og føreslopseudonymet Nellie Bly etter ein populær song avStephen Foster.
Allereie som 22-åring gjennomførte ho ei svært spesiell reportasjereise. Oppdraget hennar var nemleg å prøve å slåPhileas Fogg sin «litterære» rekord på 80 dagar for ei jorda rundt-reise. Dette klarte ho på litt over 72 dagar.
Nellie fekk lage ein artikkelserie omarbeidarjenter, ho skreiv ombarnearbeid ogskilsmisser, før ho etterkvart vart samfunns- og kunstredaktør. I1887 reiste ho med mor si tilMexico og sende heim ein serie artiklar om dei sosiale forhalda der, som vart samla i bokaSix months in Mexico.
Då Bly kom tilbake til USA flytta ho tilNew York-avisaThe World der ho utførte ein serie avslørande reportasjar ommentalsjukehus. Gjennom sjølv å spela sinnsjuk blei ho lagd inn på Blackwell Island-asylet. Bly avdekte dårlege tilhøve som førte til sårt trengte endringar på sjukehuset. Med liknande teknikkar skreiv ho mellom anna om livet islummen og arbeidstilhøve ifabrikkane.
Nellie Bly gifta seg med millionærenRobert Seaman i 1895 og trekte seg tilbake frå reportarlivet. Då mannen døydde i 1904 tok ho over styret av selskapa hans. Ho innførte mange av dei reformene ho hadde ivra for for arbeidarane, men gjekkkonkurs i 1913.