Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Neith

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Neith

MorMehet-Weret
FarNun
BarnSobek,Apep,Ra

Neith ellerNeit var eimorgudinne i den tidlegeegyptiske mytologien, særleg i området ved nedreNilen.[1]

Neith blir omtalt i ulike periodar av det gamle egyptiske riket som mor til ulike gudommar, til dømesSebek. Den vonde drakenApep blei skapt av spyttet hennar. Statusen hennar i høve til dei andre gudane blir verande uklar, og nettsom med mange andre egyptiske gudar blei kulten hennar gradvis overgått av den til andre gudommar. Neith blei av og til knytt til jakt og krig, men opptrer òg i samband med gravferdsritar.

Ho var einpsykopomp, ein rettleiar til livet etter døden. Ho var òg vernar forveving. Binda som blei vikla kring mumiar var rekna som ei gåve frå Neith.

Kulten kring Neith hadde sentrum iSais i Nildeltaet i den seinare perioden. Ho blei avbilda med krona til Nedre Egypt, og dessutan medpil og boge.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. Hart, George (1986). A Dictionary of Egyptian Gods and Goddesses. Routledge.ISBN0-415-05909-7.
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Neith&oldid=3520466»
Kategoriar:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2026 Movatter.jp