Nederschlesiske voivodskap (polskwojewództwo dolnośląskie eller berreDolnośląskie) er eit av 16voivodskap iPolen. Det ligg sørvest i Polen og utgjer om lag regionenNederschlesien (den nordvestlege delen av den historiske og geografiske regionenSchlesien), som vart avstått til Polen fråTyskland mot slutten avden andre verdskrigen. Hovudstaden og den største byen erWrocław (tyskBreslau) ved elvaOder.
Voivodskapet vart oppretta 1. januar 1999 av dei tidlegare voivodskapa Wrocław, Legnica, Wałbrzych og Jelenia Góra. Det dekkjer eit areal på 19 948 km².
Sjølv om det meste av regionen er relativt låg, som namnet viser til, men inneheld òg ein del av fjellkjedaSudetane som går langs grensa mellom Polen ogTsjekkia. Av populære skisstader i Nederschlesiske voivodskap finn einKarpacz ogSzklarska Poręba iKarkonoszefjella. ByenKudowa Zdrój, òg i Sudetane, vest forKłodzko nær grensa til Tsjekkia, er ein tradisjonellkurstad som ofte vert vitja av pasientar med hjartesjukdomar. Andre viktige turistdestinasjonar er hovudstadenWrocław og byaneJelenia Góra ogLegnica.
Nederschlesiske voivodskap er delt inn i 29 fylke (powiat). Tre av desse er byfylke og 26 landfylke. Desse er igjen delt inn i 169 gmina eller kommunar.