Nebo | |||
fjell | |||
Nebo sett frå aust. | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Høgd | 817 moh. | ||
Koordinatar | 31°46.0′N35°43.5′E / 31.7667°N 35.7250°E /31.7667; 35.7250 | ||
![]() Nebo 31°46′04″N35°43′32″E / 31.767777777778°N 35.725555555556°E /31.767777777778; 35.725555555556 | |||
Wikimedia Commons: Mount Nebo |
Nebo (arabisk جبل نيبوJabal Nībū;hebraisk skrift הַר נְבוֹHar Nevo) er einfjellkam iJordan, kring 817 meter over havet. Han er nemnt iBibelen som staden derMoses såg ut overDet lova landet han aldri skulle få kome inn i. Frå toppen har ein flott utsyn mot Israel og Palestina, og i nord ein liten del avJordanelva. Ein kan som regel sjå byenJeriko påVestbreidda frå toppen, og ein kan sjå heilt tilJerusalem på ein klår dag.
I følgje det siste kapittelet iFemte mosebok, gjekkMoses til toppen av Nebo for å sjå utover Det lova landet: «Så gjekk Moses frå slettene i Moab opp på Nebo, toppen av Pisga-fjellet, som ligg rett imot Jeriko.»[1]
I følgjekristen tradisjon vart Moses gravlagd på fjellet, men gravstaden hans er ikkje spesifisert. Somme islamske tradisjonar hevdar det same,[2] og somme hevdar Mosesgrava ligg ved Maqam El-Nabi Musa, 11 km sør forJeriko og 20 km aust forJerusalem i villmarka iJudea.[3]
I følgje 2 Makkabearboka 2:4–7[4] gøymde profetenJeremiatabernakelet ogPaktkista i ei fjellgrotte der.
På det høgaste punktet på fjellet, Syagha,[5] ligg ruinane av ei kyrkje og eit kloster, som vart oppdaga i 1933.[6] Kyrkja vart bygd på andre halvdel av 300-talet til minne om dødsstaden til Moses. Kyrkja er forma som ein typiskbasilika. Ho vart påbygd seint på 400-talet og ombygd i 597. Kyrkja er først nemnd i ei skildring frå ei pilegrimsreise utført avAetheria i år 394. Det er funne seks graver utskorne i berge under kyrkjegolvet, som er dekt medmosaikk. I koret til det moderne kapellet på staden kan ein sjå restane etter mosaikkgolv frå ulike periodar. Det eldste av desse er eit panel med ein fletta kross som er plassert på austenden av sørveggen.
20. mars 2000 vitjapave Johannes Paul II staden under pilegrimssreisa si til Det heilage landet.[7] Under besøket planta han eitoliventre ved sidan av det bysantinske kapellet, som eit symbol på fred.[8]
Pave Benedikt XVI vitja staden 9. mai 2009.[9]