1)Yaren er den største busetjinga, og anerkjent avSN som hovuddistrikt.
Nauru, offisieltRepublikken Nauru, tidlegare kjend somPleasant Island, er einøyrepublikk i det sørlegeStillehavet. Det er eit av verdas minste land både når det gjeld innbyggjarar og areal, og verdas minste republikk. Når det gjeld areal er det òg verdas minste ikkje-europeiske land.
Mykje av den tidlegare rikdomen i landet kom frå dei store lagera avfosfat, dette trur ein enten er avguano eller anna marint opphav. Fosfatet vert brukt somgjødsel rundt om i verda, og det meste av det er eksportert tilAustralia. I og med at fosfatressursane no er så å seie oppbrukte, går Nauru ei usikker framtid i møte. På1990-talet prøvde landet å få alternative inntektskjelder ved å introdusere seg sjølv som eitskatteparadis, men dette vart det ein slutt på ijuli2004.
Opphavet til namnet «Nauru» er ukjent. Då øya vart oppdaga, kalla innbyggjarane henne, som dei framleis gjer i dag, «Naoero». TyskePaul Hambruch, som besøkte øya imai1909 og fråseptember tilnovember1910, gav forklaringa om at «Naoero» var eit samandrag av setninga «A-nuau-A-A-ororo» (i dag ville det vorte skrive «A nuaw ea arourõ»), som vert omsett med «eg går til stranda». I det tyske kolonileksikonet vart denne forklaringa brukt. MisjonærAlois Kayser avviste at dette var sannsynleg – han hadde budd på øya i over tretti år, og heile tida jobba med språket – fordi det nauriske ordet for «strand», som eit mål for eit verb om rørsle, ville trenge ordetrodu «nedover (til)»; nauruarane ser på stranda som det lågaste punktet på øya. Det faktum at «rodu» manglar i Hambruch si ordforklaring gjer at dette er ein usannsynleg tolking av namnet «Nauru».
Øya har òg hatt andre namn: dei engelske koloniherrane før1888 kalla øya for Pleasant Island eller Shank Island, og dei tyske koloniherrane kalla den Nawodo eller Onawero. Namnet «Nauru» vart seinare skapt frå namnet «Naoero» slik at europearar ogamerikanarar skulle kunne uttale namnet rett.
Nauru er eikoralløy i Stillehavet. Den er ein typiskatoll på eit gamaltvulkankrater. Korallbasen som Nauru ligg på har røter rundt 2000 meter under havoverflata, og når cirka 61 meter over havet. Dette høgste punktet er langs kanten av platået, aust iAiwo; denne kanten kallast Command Ridge. Samanlikna med andre atollar har Nauru ei veldig lita lagune. Einkilometer frå øya er sjødjupnda allereie på 1000 meter. I øya sitt indre var øya nesten heilt dekt av fosfat (nauruit), forma av fugleekskrement. Rundt 2 km² av øya består av skog. Nauru sitt maritime krav er 200 nautiske mil eksklusiv fiskesone, og 12 nautiske mil territorialsjø.
På grunn av Nauru si plassering rett sør forekvator, ligg temperaturen rundt 27,5 °C heile året. Jordbruk er vanskeleg på grunn av den porøsekalksteinen, sidan vatnet forsvinn veldig raskt.
Nauru er direkte berørt av den globale oppvarminga, sidan øya kan søkke om havnivået stig ytterlegare. Nauru har påpeika dette fleire gongar iFN, og krev møte medUSA og andre industriland.
Det er ingen store dyr på Nauru. Dei einaste landdyra som lever på Nauru, utanom insekt, er nokresjøfuglartar og husdyr somkattar,hundar oggrisar, som vart teke med dit av nybyggjarar. Det finst berre éin typesongfugl på øya,Nauru-røyrsongaren (Acrocephalus rehsei), som er eineståande for Nauru.
Øya har ein brei vasskant, som ved lågvatn er nesten fullstendig tørr, der ymse sjødyr ogkrabber lever, ogkorall veks. Mot land går eit belte med snøkvit korallsand. Her vekskokospalmar, tynn skog ogpandangbusker. Dette perifere landskapet har vorte veldig endra av menneske. Rundt her går den asfalterte vegen på øya, og bygningar står i denne sonen.
Det naturlege landskapet i bakken opp mot det andre platået og det gamlekorallrevet er vesentleg betre teke vare på. Her veks det skogar med kokospalmar,fikentre,calophyllum og i nord ogsåmangrovetre. På platåa var òg i si tid den største kokospalmeplantasjen på øya.Kirsebær-, fiken-,mandel- ogmangotrea på Nauru vart hogne ned for lenge sidan. Inne på øya er det store skilnader mellom dei øyde dagbrotsområda og resten av marka, der det naturlege landskapet er teke vare på. Dei høgare områda har både lett og tett skog, dercalophyllum, eit middels høgt tre med kroka stamme og store blad, veks. Hòleforma landskap har ein litt annan vegetasjon, som er lettare og tettare. Desse skilnadene vert forklart med at det er skilnader på vassmengda i jorda. Trass i nedbørsmengda, finn ein ingen spor av vassleiar ned til havet. Grunnvatnet ligg djupt, for vatnet søkk raskt ned i den porøse fosfatsteinen. Difor er grunnen tørr året rundt.
Naturen på Nauru er veldig spesiell og uvanleg; rundt kysten er det blautdyr. Ein finnhelioporaria-korall med eit lyst koboltblått kalkskjelett. Dette er det einaste eksemplaret ioctocorallia-greina av korall. Helioporaria-koralla har eit lite leveområde: berre ved ekvator, og aldri i vatn med temperatur under 23 °C.
Det mest spektakulære på øya er underlege takker og pyramidar forma av fosfatutvinninga. Dei er fire til ti meter høge, og mellom dei har labyrintar av hòl forma seg. Dette er eineståande for denne øya; ingen andre stader finst noko tilsvarande.
Resten av øya er nesten som eit ørkenlandskap; fosfatet vart køyrt vekk med ei smalspora jarnbane, medan berre det døde måneaktige landskapet vart att. Det er ikkje noko jord att på steintakkene som vart att, og det er ikkje noko vegetasjon der. Regnvatn vert samla i hòla, men vert fort trekt ned i den porøse steinen.
Solnedgang i Nauru
Geografar,geomorfologar oggeologar har undersøkt naturen der, og funne ut at atollen Nauru har eksistert veldig lenge. Det sirkelforma korallrevet fråtertiærperioden er teke vare på heilt til i dag. Ipaleogperioden var det som i dag erBuada-lagunen, 60 m under havnivået i dag. Imiosaperioden, ein del av den tidlege tertiærperioden, vart han heva kraftig, til 10 meter under havnivået i dag. Etter kvart vart det danna ein lagune, som er svært liten i høve til andre atollar sine, og hòla mellom steintakker og andre hòl vart fylte opp medguano, som etter kvart vart tilfosfat.