Nasjonale og Kapodistrias Universitet i Athen, vanlegvis omtalt som berreUniversitetet i Athen, er eit gresk universitet som har vore i gang sidan det blei skipa i1837.[1] Det er den eldste institusjonen for høgare undervising i den moderne statenHellas.
I dag er universitet den neste største institusjonen for høgare utdanning i Hellas; berreAristotelesuniversitet iThessaloniki er større, med over 50 000 studentar. Hovudområdet til universitetet ligg i Ilissia, der fakulteta for vitskap, teologi og filosofi held til. I Goudi finn ein fakultetet for helsevitskap og medisin.Dafni husar undervising i fag som idrett og idrettsvitskap. Fakulteta for mediefag, økonomi, jus og allmenn administrasjon ligg i bygningane i sentraleAten. Det historiske administrasjonsbygget ligg òg der, i gata Panepistimiou som har namn etter universitet.
Nasjonale og Kapodistrias Universitet i Athen blei grunnlagt den 3. mai 1837 og blei då mellombels husa i bygningar teikna av arkitektane Stamatios Kleanthis og Eduard Schaubert. Desse lokala låg ved foten av den nordlege skråninga avAkropolis. Dette var det første universitetet ikkje berre i den nyleg etablerte greske staten, men på heileBalkan og den austlege delen avMiddelhavet.[2]
I 1843 bytta universitetet namn til Det nasjonale universitetet. Dagens formelle namn, Nasjonale og Kapodistrias Universitet i Athen, blei vedteke i 1911 etter at forretningsmannen Ioannis Dombolis, som var ein ven av politikaren Ioannis Kapodistrias, skjenka ein stor pengesum til etableringa av eit universitet til ære for Kapodistrias.
På 1960-talet byrja bygginga av campusen til universitetet i forstaden Ilissia. På 2000-talet heldt skulane for filosofi, teologi og vitskap til i dette bygningskomplekset.[1]
Propylaea, del av «Trilogien» til Theophilus Hansen, var ein gong hovudbygningen til universitetet og fungerer i dag hovudsakleg som seremonihall.Fakultet for rettsvitskap. Bygningen blei opphavleg bygd i 1930, men ei andre avdeling blei lagt til på 1960-talet. Ei omfattande renovering byrja i 2002 og blei fullført i 2006.[4]
Universitet i Athen er delt inn i «skular» (engelskschools) og fakultet (engelskdepartments). På gresk har ein brukt begrepene «σχολές», «τμήματα» og «τομείς».[5] Lista under bruker fagnemningar som ligg nærast dei tilsvarande nemningane på norske universitet.
↑Helt korrekt ble Det joniske akademi etablert som et universitetlignende institusjon påKorfu i1824 under britisk overherredømme og som kan utfordre kravet om å være det første gresk universitet
↑«School of Theology».National and Kapodistrian University of Athens (på engelsk). Henta 28. oktober 2020. «The School of Theology consists of the Faculty of Theology and the Faculty of Social Theology and the Study of Religion»
↑«School of Philosophy».National and Kapodistrian University of Athens (på engelsk). Henta 28. oktober 2020. «The School of Philosophy of the University of Athens is the most populous University School of Greece and consists of 11 Deparments and 15 study halls. The School offers a wide variety of studies in the fields of: classical and modern Greek, linguistics and literature of foreign cultures, classical and modern history, archaeology, pedagogy, psychology, slavic studies, theatrology and music.»
↑«baag.uoa.gr».BA in Archeology, History, and Literature of Ancient Greece (på engelsk). Henta 28. oktober 2020.
↑«School of Economics & Political Sciences».National and Kapodistrian University of Athens (på engelsk). Henta 28. oktober 2020. «The School of Economics and Political Sciences consists of the Deparment of Economics, the Department of Communication and Media Studies, the Deparment of Political Science and Public Administration, the Department of Turkish Studies and Modern Asian Studies, the department of Political Sciences, the Department of Sociology, the Department of Business Administration, the Department of Ports Management and the Department of Digital Art and Cinema»
↑«School of Law».National and Kapodistrian University of Athens (på engelsk). Henta 28. oktober 2020.
↑«School of Science».National and Kapodistrian University of Athens (på engelsk). Henta 28. oktober 2020. «The School of Science consists of the following Departments: Biology, Chemistry, Geology and Geoenvironment, History and Philosophy of Science, Informatics and Telecommunications, Mathematics, and Physics.»
↑«School of Education».National and Kapodistrian University of Athens (på engelsk). Henta 28. oktober 2020.