Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Nasjonaldag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nasjonaldagen iGibraltar blir feira den andre måndagen imars månad.

Einnasjonaldag er ein særskilddag som vert feira av eitfolk kvart år, og er gjerne meint å styrka dei nasjonale kjenslene til folkegruppa ellerstaten dei er del av. Kvart land i verda har éin nasjonaldag, somme har fleire. Som regel blir dagen feira på den samedatoen kvart år, men nokre land har flyttbare nasjonaldagar.

Dagen blir ofte feira til minne om ei spesiell hending, i mange tilfelle noko som har med sjølvstende eller frigjering frå eit anna land å gjera. INoreg blir nasjonaldagen feira den17. mai til minne omgrunnlova som vart underteikna påEidsvoll på denne dagen i1814.India feirar både dagen landet fekk sjølvstende, den15. august, og ein grunnlov, den26. januar.Jamaica feirar nasjonaldagen sin den første måndagen iaugust kvart år, ettersom6. august1962, då landet fekk sjølvstende fråStorbritannia, var ein slikmåndag.

Andre hendingar ein kan feira som nasjonaldag erstatsleiaren sin fødselsdag, ei viktig historisk hending, som ein siger i eit slag, eller ein nedarvatradisjon som er felles for folket som feirar nasjonaldag.Thailand feirar til dømes nasjonaldagen sin på kongen sin fødselsdag; den franske nasjonaldagen14. juli er til minne om storminga avBastillen og symboliserer starten på den franskerepublikken, medanEngland feirar nasjonalhelgenen sin,Georg, den23. april.

Feiring

[endre |endre wikiteksten]

Ein nasjonaldag er som regel ein offentleg høgtidsdag i landet som feirar han, og er gjerne òg einflaggdag. I mange land samlar folk seg til fest, paradar eller talar. Nokre land, somUSA ogFrankrike, markerer dagen medfyrverkeri.

Det er stor forskjell på kor mykje nasjonaldagen blir feira i ulike land. INoreg deltek nesten så godt som heile folket i feiringa, medan nasjonaldagen i dei ulikebritiske landa er mindre overveldande, kanskje fordi ein ikkje har ein ein felles helgen for heile landet, eller fordi ein vil unngå å støyta minoritetar.

Nasjonaldagar

[endre |endre wikiteksten]
Innhaldsliste:ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWYZ
AlfabetiskKronologisk

Sjå òg

[endre |endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Nasjonaldag&oldid=3520812»
Kategoriar:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp