
Nanna Nepsdotter er kona tilBalder inorrøn mytologi . Nanna og Balder er båeæser. Nanna var dotter av ein Nep, og mor til gudenForsete. Ho er rekna tilåsynjene, men det er sagt lite om kva område ho er gudinne for.
Nanna døydde avsorg då Balder døydde. Hjartet brast av sorg då ho såg Blader vart budd til bålferd. Då vart ho lagd på båten saman med Balder. Sjølv omHermod rid tilHel for hente Balder tilbake til livet, lukkast han ikkje, og Nanna og Balder må bli i dødsriket.
I følgjeSkaldskaparmål er Nanna ei av dei åtte åsynjene som er til stades i gildet tilÆgir. Skaldskaparmål nyttar namnet hennar somkenning for eigyger.
IGesta Danorum er Nanna emne for ei trette mellom Balder og Hod, som båe vil ha henne som kone.
EtterChronicon Lethrense er Nanna gift med kongVigleik avAngeln. Ho er dotter avHrœrekr Slöngvanbaugi, son avHod. Nanna og Vigleik er foreldra til kongVermund avAngeln.