Naas (irskNás na Ríogh, tyder 'kongane sin møtestad') er ein by iRepublikken Irland. Han er det administrative senteret iCounty Kildare. Byen ligg 32 km fråDublin og mange av innbyggjarane pendlar kvar dag til Dublin frå Naas. Motorvegen M7, som går forbi Naas, er ein av dei travlaste vegane i landet. Byen har like over 20 000 innbyggjarar.
Det irske namnet for Naas,Nás na Ríogh, tyder «kongane sin møtestad». Byen var i før-normannisk tid ein møtestad for dei irske kongane og etter den normanniske invasjonen vart engelske parlamentmøte halde i byen.
Eit av dei førsteslaga underopprøret i 1798 fann stad i Naas den 24. mai 1798 då ein styrke på om lag tusen opprørarar var slått i eit forsøk på å erobra byen. Leiaren tilUnited Irishmen,Theobald Wolfe Tone, er gravlagd like utanfor Naas vedBodenstown.
Underden andre verdskrigen låg det einkrigsfangeleir her. Sidan Irland offisielt var nøytarale under krigen vart militærpersonell frå alle land som kom til Irland internert. Som følgje av dette hadde krigsfangeleiren i Naasamerikanske,britiske ogtyske soldatar samla i saman i same leir.