Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

NUTS

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

NUTS (engelskNomenclature of Territorial Units for Statistics, opphavleg fråfransknomenclature des unités territoriales statistiques) er ein standardkode for administrative understatlege einingar til bruk iEurostat-statistikk. Standarden blei utvikla avEU, og dekkjer derfor berre medlemslanda i detalj. Eurostat har òg utvikla eit hierarki for alle søkjarland etter 1980, men denne delen av standarden er ikkje endeleg fastlagd. Kodane treng ikkje å samsvare med dei reelle administrative einingane i landa. Dette kjem mellom anna av at ein ved grenseendringer ofte held fast ved dei gamle einingane i statistisk samanheng, for å kunne samanlikne målingar over tid.

Oppbygnad

[endre |endre wikiteksten]
  • NUTS 0: To bokstavar som identifiserer landet. Denne delen av koden svarer tilISO 3166-1, bortsett frå atStorbritannia brukerUK i staden forGB.
  • NUTS 1: Eitt siffer eller éin bokstav som identifiserer ei understatleg eining. Nummereringa startar med 1, og etter 9 held ein fram med bokstavar. Nivået dekkjer dei same einingane somISO 3166-2, men med andre kodar.
  • NUTS 2 / NUTS 3: Nivå under dette blir gitt med siffer. Der det er for mange einingar til å bruke eitt siffer, lagar ein kunstige samanslutningar av einingar. NUTS 2 vil derfor ofte ikkje referere til eksisterande administrative einingar.[1]

Døme

[endre |endre wikiteksten]

Til dømes er koden forPortsmouth iEngland bygd opp slik:[2]

Utanfor EU

[endre |endre wikiteksten]

Den tilsvarande standarden i Sambandsstatane heiterFIPS.

Avvik

[endre |endre wikiteksten]

Det er nokre avvik i koden:

Norsk bruk

[endre |endre wikiteksten]

I norsk statistikk svarerfylka til NUTS 3-nivået.Statistisk sentralbyrå har òg produsert statistikk på NUTS 2-nivå, med ei inndeling av Noreg i sju regionar.[2] SSB har òg gjort framlegg om ei inndeling på NUTS 4-nivå, med Noreg delt inn i 90 økonomiske regionar.[3] Eurostat opererer ikkje med NUTS 4, men har i staden to lokale inndelingar, LAU1 og LAU2 (frå engelskLocal Administrative Unit). Norskekommunar ville tilsvare NUTS 5-nivå, eller LAU2.[4]

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. «NUTS: Background». eurostat. Henta 16. mars 2022. 
  2. 2,02,1«NUTS 2021 classification». eurostat. 2021. Henta 16. mars 2022. 
  3. «Standard for økonomiske regioner». SSB. oktober 2000. Henta 16. mars 2022. 
  4. «Local Administrative Units (LAU)». eurostat. Henta 16. mars 2022. 

Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=NUTS&oldid=3444282»
Kategoriar:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp