Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Mykene

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Løveporten i Mykene

Mykene var eit viktig økonomisk og militært maktsentrum iHellas ibronsealderen.

Staden er i dag eitarkeologisk minnesmerke nordaust på halvøaPeloponnes. I bronsealderen var Mykene ein av dei viktigastebyane i Hellas, som dominerte både Peleponnes ogøyane iEgearhavet. Ei av desse øyane varKreta.

Mykene sittakropolis vart truleg skipa så tidleg som 1500 fvt. Løveporten, som vart bygd kring 1250 fvt., var hovudinngangsporten til byen, og er vorte ståande som eit symbol på den mykenske kongemakta.

Epoken mellom 1600 og 1100 fvt. igresk historie er oppkalla etter utgravingsstadenMykene, der arkeologar første gong fann restar etter høgkulturane. Arkeologane går ut frå at byen vart grunnlagd avgreske folkegrupper, men trur ikkje at namnet, Mykene, opphavleg er gresk og reknar det som ei arv grekarane tok frå den tidlegare folkesetnaden i området.

Mykene var ein imponerande by, og byggverka viser at området har vore tilhaldsstad for ein særs utviklapalasskultur. Byggestilen til festningsverket som vart bygd i sentrum av byen ein gong på 1300-talet fvt. vart faktisk kalla kyklopisk av dei greske etterkommarane, av di dei meinte at berrekyklopar kunne bygge slike festningsverk.

Minnet om mykensk stordomstid overlevde gjennom dei mørke hundreåra i gresk historie, og ei romantisk framstilling av den mykenske perioden dannar grunnlaget for kjende greske episke dikt. ForfattarenHomer skildra iIliaden ogOdysseen korleisAgamemnon, kongen av Mykene, leia det greske krigstoget motTroja.

Ein reknar med at greske folkegrupper innvandra til Hellas-området kring 1600 f.vt. Grekarane sitt inntog markerte ei ny epoke i området, sidan dei utvikla ein imponerandebronsealder-sivilisasjon der, som ikkje gjekk under før i 1200–1100 fvt. Denne kulturen kan samanliknast med høgkulturane iMesopotamia ogEgypt.

Det ein veit er at det var ein høgt utvikla kultur, med eit eige skriftspråk og (trass namnet gjeve han) langt større utbreiing enn berre byen Mykene. Ein veit òg atkongar og andre former fornobilitetar vart gravlagde i store sirkulære gravkammer,tholoar, saman med gullmasker, sølv og t.d. dolkar eller andre former for militært utstyr, noko som tyder på at militære eigenskaper var viktige. Det er òg funne døme påmumifisering av døde.

På eit tidspunkt rundt 1100 fvt. kollapsa den mykenske kulturen, og grekarane gjekk inn i den perioden somhistorikarane kallardei mørke hundreåra i gresk historie. Årsaka til at dei vert kalla dei mørke hundreåra er at det ikkje finst nokon skriftkjelder frå perioden og at ein har færre arkeologiske funn frå perioden. Det einaste ein veit heilt sikkert er at folkesetnaden brått gjekk kraftig nedover.

Tidlegare har den rådande teorien vore at den mykenske kulturen gjekk under grunna ein invasjon av eit nytt gresk folkeslag,dorarane, men den teorien er no underlagt stor tvil. Ein ser mellom anna at egyptiske kjelder frå same tidsperiode nemner ei lang rekke uår der avlingane svikta, noko som førte til mellom anna krigar og folkevandringar. Det mykenske fallet fell òg saman med brå nedgang i ei rekke sivilisasjonar iMidtausten/Sør-Europa-området. Mange historikarar meiner at desseuåra stammar frå klimaendringar etter storevulkanutbrot, og at dei var den direkte årsaka til den mykenske undergangen. Den teorien passar òg saman med at store grupper av grekarar flytta ut til øyene iEgearhavet og kysten iVesleasia for å dyrke nytt land.

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld:Mykene
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Mykene&oldid=3494277»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp