Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Muzio Clementi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Muzio Clementi

Muzio Clementi
Fødd24. januar1752
FødestadRoma
Død10. mars1832 (80 år)
DødsstadEvesham iWorcestershire iEngland
OpphavDet sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
PeriodeKlassisismen
SjangerKlavermusikk
InstrumentPiano
Verka somKomponist
MorMagdalena Kaiser
FarNicolo Clementi
Gift medEmma Gisborne,Caroline Lehmann
BornCarl Clementi,John Muzio Clementi,Vincent Clementi,Ceceilia Susanna Clementi,Caroline Emma Clementi

Muzio Clementi (24. januar 175210. mars 1832) var einitalienskkomponist,pianist og musikkpedagog underklassisismen. Han er rekna som ein av grunnlegjarane av moderneklaverspel, og den første til å skrive spesielt tilpassapianomusikk.[1] Clementi var også pianoprodusent og notegutgjevar.

Liv

[endre |endre wikiteksten]

Muzio Filippo Vincenzo Francesco Saverio Clementi vart fødd iRoma, men verka hovudsakleg iEngland. Han var ei tid dirigent for den italienske operaen i London. Han er best kjend for samlingane av pianostudiar,Gradus ad Parnassum, somClaude Debussy sin komposisjonDoctor Gradus ad Parnassum (første sats i suitenChildren's Corner) er ein referanse til.[2] Clementi skreiv eit sekstitals klaversonater som påverka utviklinga av denne sjangeren.[1] an skreiv også vokal og kammermusikk og fleire symfoniar.[2]

Muzio Clementi døydde iEvesham i England, 80 år gammal. Han er gravlagd iWestminster Abbey i London.[2]

Omdøme

[endre |endre wikiteksten]

Clementi var mykje omtykt i samtida, ofte meir kjend enn samtidigeWolfgang Amadeus Mozart og nesten like velkjent somJoseph Haydn ogLudwig van Beethoven, men blei meir gløymt på 1800- og 1900-talet.[2]

I 1781 tok Clementi del i ei pianotevling mot Mozart framfor keisarJosef II i Wien.[2] Mozart la ikkje skjul på at han mislikte Clementi sterkt, noko som har fått nokon til å kalle dei «erkerivalar». Dette gir neppe eit korrekt bilete; Clementi sjølv skal ikkje ha gjengjeldt Mozarts mishagsytringar.

PianistenVladimir Horowitz var svært glad i Clementi sin musikk, og samanlikna den medLudwig van Beethoven sine beste verk. Horowitz sine innspelingar av musikken til Clementi førte til auka interesse for Clementi, og til ei gjenreising av ryet hans som ein viktig komponist.[2]

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. 1,01,1Muzio Clementi (2009, 14. februar) iStore norske leksikon. Henta 4. august 2013.
  2. 2,02,12,22,32,42,5William H. Youngren,Finished Symphonies,The Atlantic Monthly, May 1996

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Muzio_Clementi&oldid=3436404»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp