Den heilage boka til islam erkoranen. Etter islamsk tru inneheld koranen openberingane tilAllah, som skal ha vorte gjevne muntleg til profetenMuhammed. Muslimane meiner at dette pågjekk i 23 år, ved hjelp av erkeengelen Gabriel, gjennom draumar ogheilag inspirasjon.
Det er om lag 1,5 milliardar muslimar i verda.[1] Det finst fleire avgreiningar, dersunniislam utgjer rundt 80-85 %. IIran dominerersjiaislam.
Ordetislam kjem av deiarabiske rotkonsonantaneS-L-M, og vert omsett medovergjevnad tilGuds vilje, eller òg medlydnad. Av andre arabiske ord med same rot finn einsalaam ogsalaam aleikum, som tyderfred ogGuds fred og er vanlege helsingsformer, samtmuslim, som tyderein som underkastar seg Gud.
Tilhengjarar av islam, kjend sommuslimar, trur atGud, eller (på arabisk)Allah openberra seg for menneska gjennomMuhammed og andreprofetar, inkludertAdam,Noa,Abraham,Moses ogJesus. Muslimar trur at Muhammed var den siste av profetane, og at bodskapen han bar vidare til menneska vil vara tilqijamah,dommedag. Eit tidlegare mykje brukt omgrep om muslimar ermuhammedanarar, men på oppfordring frå muslimane sjølve er det etter kvart blitt mindre brukt.
Muslimar meiner at den viktigaste skriftlege openberringa til menneska erKoranen, som dei ser på som den endelege og feilfrie openberringa til menneska. Tidlegare skrifter, som evangelia,Torah og jødiske profetiske skrifter vert også sett på som guddommelege i natur, men har vorte gløymde, mistolka eller forvridd slik at den originale bodskapen har forsvunne over tid.
Den grunnleggjande trusvedkjenninga i islam ersjahada:Det er ingen Gud utanom Gud, og Muhammed er Guds tenar og bodbringar (arabisk: لا إله إلا الله محمد رسول الله). Islam vert skildra som eindīn, einlivsveg eller eirettesnor.
Seks grunnleggjande trusartiklar vert dela av alle muslimar:
Trua på éin Gud.
Trua på alle profetane (nabi) og bodbringarane (rusul) send av Gud. Islam reknar at det har vore rundt 124 000 profetar, av desse var 313 også bodbringarar. Av dei er 25 sett særleg høgt (ulul azmi) og er nemnde med namn i Koranen.
Dei to største undergruppene av muslimar ersunni-muslimane ogsjia-muslimane. Sunni-muslimar utgjer storparten av muslimar i verda, 85-90 %, men sjia-muslimane utgjer majoriteten i land somIran ogIrak. Sunni-islam sine grunnleggjande pilarar vert referert til somDei fem søylene i islam, medan shia-islam har ein noko annleis terminologi, som inkluderer fem grunnleggjanderøter i religionen og ti grunnleggjandegreiner. Muslimar har til felles dei følgjande fem hovudkrava for truande, som sunni-muslimar ser på som dei fem søylene og sjia-muslimar ser på som element av religionen sine røter og greiner:
Sjahada: Å vedkjenna seg trua; å vitna om at det ikkje finst nokon Gud utanom Gud (tawhid) og atMuhammed er Guds tenar og bodbringar (nubuwwah.
Islamsk endetidslære er oppteken avqijama, endetida, og den endelege dommen over menneska. I følgje islam skal dei rettferdige lønast med gledene iDjannah (paradis), medan dei urettvise skal straffast iDjahannam (helvete).
Sei, han er Gud, Ein. Gud, den Evigvarande. Ikkje har han avla nokon, og ikkje har han sjølv blitt avla. Ingen er Hans like
På arabisk vert Gud kallaAllāh. Ordet har ein etymologisk samanheng medʾilāh «guddom», og har slektskap med dethebraiskeĒl, som ein finn att iElohim, Herren.Allāh vert også brukt som namn på Gud av kristne og jødiske arabarar. Muslimar meiner at guden dei dyrkar er den same som den jødiske og kristne guddommen, men avviser den kristne læra om Gudstreeining. Med unntak av eitt byrjar alle kapitla i Koranen med setningaI namnet åt Gud, den miskunnsame, den nåderike.
Muslimskesakralbygg blir kallamoskéar. Her samlar muslimar seg til felles bøn, helst fem gonger dagleg, men mange kjem berre påfredagen, som er den viktigaste vekedagen for muslimane, og les elles bøn på eiga hand. Kvinnene sit i eit eige rom i moskeen, ved sida av hovudsalen. Ein lærd muslim, ofte kallaimam, leier bøna i moskéen. Han har ofte òg oppgåva sommuaddhin (muezzin), å kalla til bøn fråminareten kvar moské har.
Koranen er den mest heilage skrifta i islam. Namnet på boka kjem frå det arabiske ordet forresitasjon og det er også sjølve orda, ikkje det trykte verket, som i islam vert sett på å vera Koranen.
Muslimar trur at Koranen vart openberra til Muhammed av Gud gjennomerkeengelen Gabriel i åra610–632 evt. I tillegg til å ha lært Muhammed sine openberringar utanåt skal følgjesveinane hans ha skrive dei ned. Muslimar trur at Koranen i dag er den same som den som vart openberra Muhammed og som han brakte vidare. Forskarar er jamt over einige om at den utgåva av Koranen som er i bruk i dag fyrst vart sett saman i skriftleg form av den tredjekaliffen,Uthman ibn Affan, ein gong mellom650 og656. Han sende då kopiar til dei ulike provinsane i det nye muslimske riket og gav ordre om at andre utgåver skulle øydeleggjast.
Dei fleste muslimar meinte frå tidlege tider at Koranen berre var perfekt og fullstendig i det språket han vart openberra på, arabisk. Omsette utgåver av Koranen vert difor ofte stilt føre som korankommentarar eller som fortolkingar av Koranen si tyding.
Koranen er dela inn i kapittel (arabisk:sura) og vers (arabisk:ayat). Kapitla er sorterte i rekkefølgje med dei lengste først, uavhengig av kva dei handlar om eller kva tid Muhammed fekk dei frå Gud.
Hadíth-skriftene er skrifter som viser til Muhammed og hans følgjesveinar sine orde og gjerningar. Samlingar av hadíthskrifter er rekna å vera eit viktig verktøy i tolkinga avsjaria (islamsk lov). Det er fleire ulike samlingar av hadíthar og samlingane til Bukhari og Muslim er dei to mest annarkjende. Innhaldet i samlingane (og for øvrig ogsåKoranen) er ikkje samanhengande, slik at den litterære kontekst ikkje blir vektlagd noko særleg. Ein tolkar heller hadíth og Koranen ut frå heilskapen.
Når det gjeld innhaldet i hadíth er det ei stor spennvidd - alt frå Muhammed si himmelreis til tannpleie.
Muslimske skriftlærte deler gjerne hadíth-skriftene om Muhammed inn i tre grupper:
hadíth-skrifter om Muhammeds ord (qawl)
hadíth-skrifter om Muhammed sine gjerningar (fi'l)
hadíth-skrifter om kva Muhammed såg som positivt i andre sine gjerningar (taqrir)
Ei eiga undergruppe av hadíth,hadith kudsi vert av muslimar sett på som Guds ord, gjenteke av Muhammed.
Det finst ei lang rekkje undergrupper av islam. Dei to viktigaste grupperingane islam kan delast inn i ersunni-islam ogsjia-islam, medansufismen, ein spirituell tradisjon som finst blant både sjia- og sunni-muslimar, vert rekna for å vera islam si mystiske retning.
Sunni-muslimane er den største gruppa innan islam, grovt rekna 80 % av verdas muslimar er rekna å vera sunni-muslimar. På arabisk tyderas-sunnah bokstaveleg talaprinsipp ellersti, medan omgrepetsunna i islam viser til tradisjonen etter Muhammed. Sjia-muslimane utgjer den andre hovudgruppa innan islam, og skil seg frå sunniane gjennom manglande aksept av dei tre fyrstekaliffane, eigne lovtradisjonar og den sentrale rolla gjeve tilAli og tilimamane. Både sunni- og sjiaislam er delt inn i ei rekkje undergrupper. Ei tredje gruppe som daterer attende til det store skismaet i islam erkharidjittane,ibadismen er ein overlevande arvtakar etter desse.
Det finst også andre mindre muslimske grupper som ikkje utan vidare kan klassifiserast som sunni eller sjia-muslimar, samt grupper som i noko eller full grad ser på seg sjølv som muslimske, men som berre i noko eller lita grad vert allment akseptert som dette. Blant desse finn einzikri-religionen,Nation of Islam,drusarane,alawittane ogahmadiyya-rørsla.