Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Musikkinstrument

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Instrument frårenessansen.
Gambisk gutt medkora, eit gammalt instrument med moderne delar.
Foto: Henryk Kotowski, 2006

Musikkinstrument er gjenstandar laga til for å skapamusikk. Det går ei flytande grense mellom gjenstandar frå dagleglivet som blir brukte til å lagalyd i eit musikkstykke (t.d.vaskebrett) og instrument som er blitt særskild laga for å spelast på avmusikarar. Det akademiske studiet av musikkinstrument blir kallaorganologi.

Det er funne musikkinstrument som stammer fråsteinalderen. Det eldste moglege instrumentet kan vera opptil 67 000 år gammalt, oldsaker som dei fleste godtek som tidlege fløyter er opptil 37 000 år gamle. Kvart samfunn har utvikla sine instrument, og samtidig teke til seg nye instrumenttypar utanfrå. I mellomalderen kunne ein til dømes finna instrument som stamma fråMesopotamia iIndonesia-øyane, medan ein iEuropa brukte instrument som opphavleg kom fråNord-Afrika.

Ein deler instrument inn på ulike måtar, til dømes gjennom korleis dei lager lyd. Eit gammalt system som kan sporast tilbake til første hundreåret f.Kr. delte instrumenta inn i fire hovudgrupper: Instrument som laga lyd gjennomvibrerande strengar, instrument som laga lyd gjennomvibrerande luft,perkusjonsinstrument laga avtre ellermetall, og perkusjonsinstrument medskinntrekk,trommer.

Seinare erstemmen blitt kalla eit eige instrument, og nyare oppfinningar som ikkje passar inn i systemet er komne til, somtangentinstrument ogelektroniske instrument. Det er laga fleire nye system for klassifisering av musikkinstrument, til dømes kan ein dela dei inn etter kvatoneområde dei dekker:Sopran,alt,tenor,baryton ellerbass.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]

    Bakgrunnsstoff

    [endre |endre wikiteksten]
    Commons har multimedium som gjeld:Musikkinstrument
    Autoritetsdata
    Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Musikkinstrument&oldid=3577626»
    Kategori:
    Gøymd kategori:

    [8]ページ先頭

    ©2009-2026 Movatter.jp