Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Murmansk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Murmansk
Мурманск
by
Hamna i Murmansk.
Flagg
Våpenskjold
Land Russland
OblastMurmansk
Høgd46 m
Areal168,14 km²
Folketal 267 422(2023)
Grunnlagd1916
 •  Bystatus1916
Postnummer183000–183075
Retningsnummer(+7)8152
Kart
Murmansk
68°58′00″N33°05′00″E / 68.966666666667°N 33.083333333333°E /68.966666666667; 33.083333333333
Wikimedia Commons: Murmansk

Murmansk (russisk Мурманск) er ein by påKolahalvøya lengst nordvest iRussland, ikkje langt frå grensa tilNoreg. Murmansk er den største byen nord forpolarsirkelen og administrasjonssenter for Murmansk oblast. Byen er viktig med ei isfri hamn som gjev Russland fri tilkomst tilAtlanterhavet, både sivilt og militært. Den russiske marinen har ein større flåte medatomubåtar i nabobyenSeveromorsk. I sjølve Murmansk finst det ingen krigsskip.

Byen vart grunnlagd i 1916 og fekk namnetRomanov-na-Murman, men vart omdøypt tilMurmansk etteroktoberrevolusjonen i 1917.Murman er det gamle namnet påBarentshavet og pånordmenn. I dag er Murmansk ein moderne by, men som framleis er prega av kontrastene mellomSovjettida og vår tid. Murmansk ligg ut mot Barentshavet som har rike ressursar særleg innanfiskeri. På 2000-talet er det store planer for utbygging avnaturgassfelt i området.

Byen er delt inn i tre hovuddistrikt;Leninskij, Oktjabrskij ogPervomajskij.

Historie

[endre |endre wikiteksten]

Eldre tider

[endre |endre wikiteksten]

Ingen veit kor tid dei første menneska kom til Kolahalvøya, men ein kjenner til fleire folkegrupper som har innvandra til området seinare. Frå 500- til 200-talet f.Kr kom det stammer som etnisk var i slekt medVolga-stammene. Rundt 100 f.Kr. kom stammer som høyrte tilfinsk-ugriske grupper. Dei gamle og dei nye innbyggjarane blanda seg og eitoldtidssamefolk oppstod. Nordmenn kalla deiterfinnar etter namnet deira på Kolahalvøya, som varTer.Ottar frå Hålogaland brukte dette namnet på samefolket her på 800-talet: «Heile dette landet er tomt og berre på nokre få plassar bur det 'terfinnar', som jaktar og fiskar». Kolalandet skal i ein periode ha vorehålogalandskskattland, der hovdingar drog innfinneskatt frå samane.

Mellom 1100-talet og 1300-talet kom folk fråNovgorod-området nordover. Novgorod starta skattlegging av den samiske folkesetnaden og ein periode vart dei dobbelt skattlagt, men i 1251 vart styresmaktene einige om skattane. Midt på 1400-talet vart dei førsterussiske busetnadane oppretta påTerskkysten;Umba ogVarzuga. Dei vart kallapomorar (kystbuarar). Kommunikasjonen mellom samane og pomorane hadde innverknad på levemåten til samane.

Del av Moskvastaten

[endre |endre wikiteksten]

I 1478 vart Kola saman med resten av Novgorod-områda underlagtstorfyrstedømet Moskva, med sentrum iKandalaksja.Kristendommen vart innført og folkesetnaden auka i området. Om sommaren samla opp til to tusen fiskarar seg på halvøya, for sommarsesongfisket. Norske,danske oghollandske oppkjøpsfartøy vitja området på 1500-talet. Fiskarane sin busetnad vart på midten av 1500-talet kallaKola og denne busetnaden utvikla seg til ein by, i 1582 var det 71 gardar og meir enn 400 menneske som budde her. Byen var sentrum for internasjonal handel i området, elles levde folk av fiske, lagerutleige og båtbygging og -reparasjonar.

På slutten av 1500-talet vart Kolahalvøya angrepet avDanmark, som ville hindre handelen med murmanarne. Området vart òg angripe avsvenskar, som mellom anna plyndra og brente fleire kloster. I 1585 vart sentrum for den internasjonale handelen flytta tilArkhangelsk. Styresmaktene i Moskva stasjonerte ein forsvarsavdeling i Kola, i 1625 omfatta det 500 menn og ni kanonar. I tillegg til festningsby, vart Kola administrasjonssenter for området, som bestod av Kolahalvøya (utanom Umba og Varzuga) i tillegg til nordre del avKarelia.

Del av Det russiske imperiet

[endre |endre wikiteksten]

På 1700-talet vart det nedgangstider for Kolahalvøya, handelen vartmonopolisert og avgrensa til få handelshus og grupper. Ei anna årsak var at klostera i området vart tildelt store landområde, til dømes haddePetsjengaklosteret rundt ein fjerdedel av halvøya. I1760-åra vart dette klosteret nedlagd og handelsmonopolet oppløyst.

I 1809 vart Kolahalvøya angripen avengelskmenn som tok fleire handelsfartøy, krut, mat og andre varer. Området vart òg angripe underKrimkrigen. I1854 vart Kolahalvøya angripe på ny, denne gongen av engelskmenn ogfranskmenn. Byen vart sterkt skadd,Oppstandelseskyrkja og mange andre bygg vart brent.

I 1858 vart Kolahalvøya innlemma i distriktetKemsk og all administrasjon på halvøya vart nedlagt. På 1860-talet vart den første fabrikken etablert og fleire kom etter kvart, mellom anna nokre sagbruk. På 1870-talet vart ei skipsrute etablert rundt halvøya, noko som vart viktig for vidare utvikling av området. Folk frå Kolahalvøya deltok òg iPomorhandelen mellom folk fråKvitsjøområdet og kysten avNord-Noreg med fisk og korn som (bytte)handelsvarer. Denne handelen pågjekk fram tilrevolusjonen.

Murmansk vert grunnlagd

[endre |endre wikiteksten]

Underden første verdskrigen måtte Russland skaffe våpen og ammunisjon fråStorbritannia,Frankrike ogUSA og Murmansk vart vald som hamn for denne handelsflåten. Dette førte til ei forlenging av jernbanen fråPetrozavodsk til Murmansk, som starta i 1915 og vart ferdig året etter. Same år vartNordishavsflåten, som bestod avtrålarar,torpedobåtar ogkryssarar, etablert på staden. Ved utbygginga av jernbanestasjonen og marinebasen, dukka det òg opp ein del bustader og byen vart kalkaRomanov-na-Murman etter fyrstehusetRomanov (det russisketsar-dynastiet) og tsarNikolaj II. Han vart offisielt grunnlagt den 21. september 1916 (4. oktober ifølgje den nye kalenderen). Den 3. april 1917 vart byen omdøypt tilMurmansk. Då var det kring 10 000 innbyggjarar i byen.

Revolusjon, borgarkrig og verdskrigar

[endre |endre wikiteksten]

Etteroktoberrevolusjonen i 1917 toksovjetmakta over og dei vestlege nasjonalitetane som var i Murmansk på denne tida valde å handle med lokale styresmakter. Frå 1918 til 1920 var byenokkupert av mellom anna vestmaktene som hadde vore allierte underden første verdskrigen. Fiendtlegefinske ogtyske ubåtar iBarentshavet og styrkar i Nord-Finland trua. I 1918 gjekk sovjetmakta inn i ein fredsavtale med Tyskland. Murmansk vart skild frå Sovjetrussland og vart ein del av den antibolsjevikske nordregionen som hadde støtte frå vestmaktene og senter iArkhangelsk. Dei allierte forlet Nord-Russland i 1919 og i 1920 vart sovjetmakta òg etablert i Murmansk.

Fram tilden andre verdskrigen vart det bygt marinebaser og utvikla industri i Murmansk, hovudsakleg innan fiske, gruvedrift, metalurgisk og kjemisk industri. Folketalet auka.

Under det sovjetiske åtaket påFinland i 1939 hadde den russiske 14. arméen avsett tre divisjonar til Murmanskområdet. Oppgåva deira var å sikre heile kyststrekninga og ta den finske hamnaPetsamo (mellom Sovjetunionen og Noreg), som var Finland si hamn motBarentshavet. Slik skulle ein hindre at statar som eventuelt ville kome for å hjelpe finnane skulle sende troppar og utstyr inn i Finland frå nord. Finnane beit særs godt frå seg underVinterkrigen og sjølv om Petsamo vart inntatt, vart ikkje finnane drive lengre vestover enn tilEnaresjøen.

Etter at Sovjetunionen i 1941 kom med i denden andre verdskrigen vart Murmansk sentral i densovjetiske krigsorganisasjonen, ettersom han var hovudhamn for forsyningar frå vestmakteneStorbritannia ogUSA.

Det segla til saman ikkje mindre enn 78 konvoiar mellom august 1941 og mai 1945 (skjønt med to avbrot). Mange av konvoiane gjekk til Murmansk og hamnene omkring, enkelte andre gjekk vidare til Kvitsjøen.

Mynt til ære for Murmansk sin status som «Helteby».

Tyske styrkar rykte fram mot Murmansk i 1941, men møtte sterk motstand. Av grunner som ein i ettertid har vanskeleg for å forstå, meinte den tyske overkommando at det ikkje ville vere mogeleg å angripe med større styrkar enn dei gjorde; dei meinte at ein ikkje ville klare å forsørgje dei langs lange og ugjestmilde forsyningslinjer. Dette medverka til at den tyske offensiven vart stansa før han nådde Murmansk, iLitsadalen. Sjølv då tyskarane kutta den vitale karelske jernbanelinja mellom Kolahalvøya og det øvrige Russland, greidde dei ikkje å erobre byen. Tyskarane bomba Murmansk og store delar av byen vart øydelagd. Avhengig av vêrtilhøva kunne bombeåtaka finne stad nesten dagleg, særleg i dei periodane då allierte forsyningsskip låg til kai.

Den murmanske motstanden vart heidra av Sovjetunionen i 1985 og byen Murmansk fekk ærestittelenHelteby.

Trass i dei store personlege oppofringane dei allierte sjøfolka kom med under denne konvoifarten, kunne ein alltid merkeStalin sin paranoide årvakenheit mot vestleg påverknad. Den eine restauranten og den eine vesle klubben som sjøfolka kunne vitja under sine opphald i hamna, var forbode område for den russiske bybefolkninga. Dei russiske servitrisene vart heile tida halde nøye auge med av uniformerte menn.

Etterkrigstid

[endre |endre wikiteksten]
Russisk atomdriven ubåt.

Etter krigen starta gjenoppbygginga av Murmansk og industrien vart utvikla vidare. I slutten av 1940-åra vart det etablert jernverk og aluminiumsverk i området. Nye fabrikktrålarar vart teke i bruk innan fiskeindustrien. Vasskraftverk og seinare atomkraftverk vart etablert på 50- og 60-talet, bustadbygginga tok seg òg opp.

På slutten av 70-talet vart tidene meir pessimistiske, fisket vart regulert på grunn av overfiske og laksen forsvann frå elvene. Det vart mangel på råvarer og belastninga på miljøet vart stort. Frå 1985 utvikla det seg ein ny industri basert påolje oggass og i 1991 vart Murmanskregionen igjen ein av dei viktigaste industrielle sentera i Russland. I tillegg er Kolahalvøya eit viktig område for forsvaret av den russiske føderasjonen. Underden kalde krigen var Murmansk sentrum forubåtaktiviteten til Sovjetunionen og etter at unionen vart oppløyst er byen framleis hovudkvarter for den russiske nordflåten i tillegg til flåten med atomdrivneisbrytarar. Krisen etter oppløysninga av Sovjetunionen har likevel råka Murmansk hardt og byen har sidan 1989 mista om lag ein tredjedel av innbyggjarane.

Klima

[endre |endre wikiteksten]
Klimatabell
JanFebMarAprMaiJunJulAugSepOktNovDesÅr
Normal maks. temperatur (°C)−7,2−7,3−3,31,97,214,017,215,29,62,9−2,0−5,33,7
Normal min. temperaur (°C)−13,8−13,4−9,8−4,40,65,78,88,04,3−1,2−7,0−11,4−2,7
Nedbørsnormal (mm)302219203053616553444036473
Kjelde:Pogoda.ru.net

Næringsliv

[endre |endre wikiteksten]

Hamna

[endre |endre wikiteksten]

Murmansk er ein maritim by og har den einaste nordrussiske hamna som er isfri heile året. Her er ei handelshamn som vart grunnlagt i 1915, ei fiskehamn grunnlagd i 1934, den første russisketrålarflåten 1920,isbrytarflåten og mange bedrifter tilknytte den marine bransjen, som til dømes Murmansk Shipping Company. Hovudindustrien omfattar fiske, fiskeforedling og næringsmiddelindustri, skipsreparasjonar, transport og geologi.

Turisme

[endre |endre wikiteksten]

Turistnæringa tilbyr aktivitetar som laksefiske, skisport, arktiske turar med isbrytarar tilNordpolen og økologiske fisketurar. Det er meir enn ti hotell i Murmansk. Området vert betjent avMurmansk lufthamn vedMurmasji.

Utdanning og forsking

[endre |endre wikiteksten]

Dei viktigaste utdanningsinstitusjonane er Murmansk Statlege Tekniske Universitet (MSTU) og Murmansk Statlege Pedagogiske Universitet (MSPU). Av forskingsinstitusjonar finn ein Det polarvitskaplege forskingsinstituttet for fiskeindustri og oseanografi (PINRO), Murmansk Marinbiologiske institutt av det russiske vitenskapsakademi (MMBI), Polar geofysiske institutt og Kola vitskaplege senter av det russiske vitenskapsakademiet.

I tillegg finst det andre akademiske institusjonar: Murmansk maritime fiskerihøgskule, Kooperativ teknisk skole, Murmansk høgskule for økonomi, statistikk og informatikk, Murmansk musikkhøgskule, Murmansk lærarhøgskule og Murmansk medisinske høgskule.

Kultur

[endre |endre wikiteksten]
Lenin Prospekt, hovudgata i Murmansk.

Nasjonal og internasjonal viktig erhelleristingane frå andre til fjerde tusenår f.Kr. ved elvaPonoj og ved breidda av innsjøenKanozero, som viser at det har budd menneske lenge på Kolahalvøya. I dei gamlepomorlandsbyaneVarzuga ogKovda finst det trearkitektur og gravstader frå 1600-talet. I tillegg er kolasamane og pomorane sine folketradisjonar originale og viktige.

Det er tre teater i Murmansk;Det regionale dramateateret, Nordflåtens teater ogDet regionale dokketeatershow. Det er meir enn 80 museum i Murmanskområdet.Murmansk regionale museum for lokalkunnskap fortel om minerala i området, nordlegtaiga ogtundra, hava omkring og historia i området. Murmansk regionale kunstmuseum er eit av dei yngste i Russland, grunnlagt i 1989. Museumet rettar seg hovudsakleg mot nordrussiske tema og verk av nord- og vestrussiske kunstnarar.Nordflåtens marinemuseum fortel om opprettinga av den russiske flåten i nord, om Nordflåten, krigsdeltaking og utviklinga av flåten i etterkrigstida. I tillegg finst det fleire kommunale museum, mellom anna i Kirovsk (det eldste) og i Poljarnij.

Nordflåten har fleire kulturtilbod enn teateret (som er det eldste på Kolahalvøya) og musumet. I dag består tilbodet av 50 kulturinstitusjonar, 130 bibliotek, fleire museum, militærkorps og musikkgrupper.

Murmansk er òg sete for bispedømmet Murmansk og Montsjegorsk iden russisk-ortodokse kyrkja.

Venskapsbyar

[endre |endre wikiteksten]

Sjå òg

[endre |endre wikiteksten]

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]

Litteratur

[endre |endre wikiteksten]
  • S.G. Holtsmark.Fra periferi til krigsteater. Nordområdene i sovjetisk militær tenkning i mellomkrigstiden.pdf

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld:Murmansk
Administrativt senter:Murmansk
Våpenskjoldet til Murmansk oblast
Flagget til Murmansk oblast
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Murmansk&oldid=3588380»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp