Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Munster

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om provinsen i Irland. For byen i Tyskland, sjåMünster.
Munster
Cúige Mumhan
An Mhumhain
provins
Flagg
Land Irland
Areal24 607,52 km²
Folketal1 246 088(2011)
Kart
Munster
52°15′N9°00′W /52.25°N 9°W /52.25; -9
Kart som viser Munster.
Kart som viser Munster.
Kart som viser Munster.
Wikimedia Commons:Munster, Ireland

Munster (irskCúige Mumhan,An Mhumhain ellerMumha) er ein av dei fireprovinsaneIrland. Han er den sørlegaste av dei fire og ligg iRepublikken Irland. Han består avgrevskapaClare,Cork,Kerry,Limerick,Tipperary ogWaterford. Namnet kjem frå denkeltiske gudinnaMuma.

Provinsen var opphavleg delt inn i seks regionar: Tuadh Muman (Nord-Munster), Des Mhuman (Sør-Munster), Urh Mhuman (Aust-Munster), Iar Mhuman (Vest-Munster), Ernaibh Mhuman (Ernaistammen sitt område) og Deisi Mhuman (Deisistammen sitt område). Desse vart etter kvart overtatt av tre kongedøme som utvikla seg i provinsen:Thomond i nord,Desmond i sør ogOrmond i aust. Desse vart etter kvart tiljarledøme. For dethistoriske irske kongedømet Munster, sjåMumu.

Dei tre kronene i flagget representerer dei tre kongedøma. Flagget kan lett forvekslast medDublin sitt flagg, som har tre slott plassert på liknande måte på ein blå bakgrunn.

Byar

[endre |endre wikiteksten]

Cork er den største byen i provinsen. Andre viktige byar erLimerick ogWaterford.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]

    Bakgrunnsstoff

    [endre |endre wikiteksten]
    Commons har multimedium som gjeld:Munster
    Connacht
    Munster
    Leinster
    Carlow Dublin Fingal Kildare Kilkenny Laois Longford Louth Meath Offaly Westmeath Wexford Wicklow
    Ulster
    Antrim1 Armagh1 Cavan Donegal Down1 Fermanagh1 Londonderry1 Monaghan Tyrone1
    1 Grevskap i Nord-Irland (andre grevskap er i Republikken Irland)
    Autoritetsdata
    Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Munster&oldid=3595129»
    Kategori:
    Gøymde kategoriar:

    [8]ページ先頭

    ©2009-2026 Movatter.jp