Mulle (Mullus surmuletus) er ein fiskeart imullefamilien.
Fisken har ein spoleforma kropp med store, laustsitjandeskjel. På haka sit to skjeggtrådar som blir brukte somsmaksorgan når mulla leitar etter føde på botnen. Skjeggtrådane er lengre enn brystfinnane. Om dagen er mulla raud med langsgåande gule striper og ei svart stripe frå auget til halefinnen, men om natta er ho marmorert med raude og kvite flekker. Fisken blir opptil 40 cm lang og 1 kg tung.
Mulla fotografert om natta
Mulla er ein typisk botnfisk som lever på sand- og leirbotn. Fisken finst frå fjøra ned til 100 m djupne, men er vanlegast på 30–60 m. Føda består av ulike botndyr. IMiddelhavet sym arten i storestimar, men lenger nord er stimane små, eller fisken opptrer einskildvis.
Mulla er ein ettertrakta og velsmakande matfisk. Det blir drive eit intensivtfiske på henne i Middelhavet, utanforPortugal og i sørlegeBiscaya. Lenger nord er fisken for sjeldan til å ha tyding.