Motown er eit USA-amerikansk plateselskap. Det vart skipa avBerry Gordy jr. som Tamla Records den 12. januar 1959,[1][2] og vart ein del av Motown Record Corporation den 14. april 1960 iDetroit iMichigan.[3] Namnet er ei samantrekking avmotor ogtown, som var eit kallenamn på Detroit. Motown spelte ei viktig rolle i raseintegrering av popmusikk som eitafroamerikansk-eigd plateselskap som stor suksess hos både svarte og kvite publikum. I 1960-åra var Motown og underselskapa (inkludertTamla Motown, som merket heitte utafor USA) det selskapet som fekk størst suksess med det som vart kallaMotown Sound, eller Motown-stilen, ein form for poporientertsoul. I 1960-åra fekk Motown særskild stor suksess med tanke på at det var eit lite selskap. 79 plater nådde topp 10 påBillboard Hot 100-lista mellom 1960 og 1969.[4]
EtterDetroit-opprøret i 1967, og tapet av låtskrivar- og produksjonsteametHolland-Dozier-Holland same året på grunn av krangel om betaling, byrja Gordy å flytte Motown tilLos Angeles. Flytteprosessen var ferdig i 1972 og Motown utvida til fjernsyns- og filmproduksjon, og vart verande eit sjølvstendig selskap fram til 28. juni 1994.
Selskapet vart så seld tilMCA Inc. og seinare tilPolyGram i 1994, før det igjen vart seld til etterfølgjaren til MCA Records,Universal Music Group, då desse kjøpte PolyGram i 1999.[1]