Motmotar er mellomstore fuglar medhabitat i tettskog. Distribusjonen er avgrensa tiltropisk del av«den nye verda», til det kjem eit fossilt individ som er oppdaga iSveits. Desse fuglane har fargerike fjørdrakter og lange stjertfjør som dei kan svinga i sideretninga for å trekke merksemd frå andre fuglar.
Forsking har vist atturkisbrynmotmot utfører halesvingingar når dei oppdagar einpredator for å gjere predatoren merksam på at han er oppdaga og at motmoten er førebudd på å flykte. Denne forma for signalisering gjev eit føremon for både motmoten og predatoren: signalet hindrar motmoten frå å kaste bort tid og energi til å flykte samstundes som predatoren unngår et kostbart arbeid med dårlege utsikter til fangst. Det er òg vist at halefjørene til hannane, som er litt større enn halen åt hoa, fungerer som et seksuelt signal hos turkisbrynmotmot.
Dei to sentrale halefjørene hos motmotar har form somrekkertar, med unntak av hos to artar. Det skjer fordi bistrålane har svakt feste til fjørskaftet og fell av. Dermed oppstår den karakteristiske forma på halefjørene.
Som dei fleste andre familiar av Coraciiformes hekkar motmotar i hòl i bakken. Dei legg omkring fire kvite egg i kullet. Nokon artar dannar store koloniar på opp til 40 par. Egga vert klekt etter ca 20 dagar, og ungane forlèt reiret etter om lag 30 dagar. Begge foreldra syter for fôring av ungane.
Becker, Jonathan J. (1986): A Fossil Motmot (Aves: Momotidae) from the Late Miocene of Florida. Condor 88(4): 478-482.PDF fulltextArkivert 2008-09-08 vedWayback Machine.
Forshaw, Joseph (1991). in Forshaw, Joseph: Encyclopaedia of Animals: Birds. London: Merehurst Press, 143-144.ISBN 1-85391-186-0.
Beebe, W. 1910. Racket formation in the tail-feathers of the motmots.1910 Zoologica, 1 (5): 140-149
↑Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2018),eBird/Clements Checklist v2018(CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 24. februar 2019
↑Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008.Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008.Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)