| Moses Kiptanui | |
| Statsborgarskap | Kenya |
| Fødd | 1. oktober1970 (55 år) Rift Valley-provinsen |
| Idrett | friidrett |
| Tok del i | Sommar-OL 1996 |
Moses Kipkore Kiptanui (fødd 1. juli 1970) er einkenyansk tidlegare friidrettsutøvar som vart verdsmeister på 3000 meter hinder tre gongar på rad; 1991, 1993 og 1995. Han sette to verdsrekordar i 3000 m hinder og ein på 5000 meter.
Kiptanui slo gjennom i 1991 då han vann hinderløpet ved fleire såkalla Grand-Prix-stemne. Han toppa sesongen med å verte verdsmeister i øvinga under friidretts-VM i Tokyo, eit lite sekund føre landsmannen Patrick Sang. Året etter lukkast Kiptanui ikkje å kvalifisere seg tilSommar-OL 1992. Derimot sette han iKöln kort etter sommarleikane verdsrekord på 3000 meter med tida 7,28,9, ei rekordtid som stod tilNoureddine Morceli slo den i 1994. Tre dagar etter rekordløpet i Köln forbetra Kiptanui verdsrekorden på 3000 m hinder til 8.02,0 under eit stemne iZürich.
Ved verdsmeisterskapen 1993 i Stuttgart stod gullstriden i 3000 m hinder på ny mellom Kiptanui og Sang, og atter viste Kiptanui seg som ein langt betre spurtar. To år seinare var han aldri truga på sisterunden av hinderløpet under VM 1995 i Göteborg og tok sitt tredje rake gull i øvinga. Tidlegare i 1995-sesongen sette han verdsrekord på 5000 m med tida 12.55,3, og den 16. august 1995 vart han fyrstemann under åtte minuttar på 3000 m hinder, då han i Zürich vann på tida 7.59,1.
Både under Sommar-OL 1996 og VM 1997 kom Kiptanui i mål til sølvmedaljar. I Atlanta-OL hadde han lite å stille opp mot landsmannenJoseph Keter. Ved friidretts-VM 1997 i Aten berga han sølvmedaljen på nøyaktig same tid som bronsevinnarBernard Barmasai, begge to passerte målstreken 0,2 sekundar etter gullmedaljøren,Wilson Boit Kipketer.
Kiptanui la opp i 2001.