Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Morten Lund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Morten Lund

StatsborgarskapNoreg
Fødd6. januar1945 (80 år)
Bjugn kommune
Yrkepolitikar
Språknorsk
Politisk partiSenterpartiet
Morten Lund på Commons

Morten Lund (fødd 6. januar 1945) er ein norsk gardbrukar og politikar fråBjugn iSør-Trøndelag. Han var ordførar i Bjugn i seks år og representerteSenterpartiet ogSør-Trøndelag fylkeStortinget i tida 1993-2005.

Lund var son til ein gardbrukar. Sjølv tok han examen artium iTrondheim i 1964, og gjekk ut av Vinterlandbruksskolen iOslo i 1966. Han studerte dei neste åra tilcand.agric. vedNoregs Landbrukshøgskule, ferdig 1970. Frå 1970-75 var han vitskapleg assistent ved NLH, samstundes som han arbeidde med ein doktorgrad han fullførte i 1975. Åra 1975-79 var han inspektør iStatens Arbeidstilsyn og var deretter gardbrukar i Bjugn til 1997.

Lund var varaordførar i Bjugn kommunestyre 1984-87 og ordførar 1987-93. Frå 1989 til -93 var han leiar av regionrådet forFosen-kommunane og 1991-93 medlem avfylkestinget i Sør-Trøndelag. Stortingsperioden 1989-93 møtte han i kortare tid på Stortinget som vararepresentant. Etter å ha vorte vald inn på fast plass gjennom stortingsvalet i 1993, og attvald i 1997 og 2001, møtte han på Stortinget fram til 2005. Han var medlem i Kommunalkomitéen frå 1993 til mars 1999, deretter leiar i Næringskomitéen frå 27. mars 1999 til september 2001. Perioden 2001-05 var han medlem i Finanskomitéen.

Lund var med i Senterpartiet sitt landsstyre i to bolkar, 1985-90 og 1997-2001.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Morten_Lund&oldid=3223432»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp