Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Morene

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Side- og midtmorenar på ein bre iLituya Bay i Alaska.

Morene (fråfranskmoraine, opph. fråSavoie) er usortert lausmateriale avsett av einisbre. Omgrepet kan visa både til slike landformer skapt av brear, og til jordartane inni dei,morenemasse ellermorenematerial. Dette materialet er blitt teke med av ein bre og kan innehaldaleire,silt,sand,steinar og større blokker.

Morene avsett frå sida av Miage-breen nærMont Blanc.
Morene avGardasjøen

Morenar blir lagt som striper, haugar eller langstrakte ryggar av morenemateriale i eller på ein isbre, og blir liggande att om isen forsvinn.Dei blir danna ved at isbrear riv med seg stein frå underlaget og dessutan tek imot skredmasser frå bergskrentene omkring. Steinmaterialet følgjer med ismassene og blir liggjande igjen som botnmorene, midtmorene mellom to brea, sidemorene,endemorene eller daudismorene når isen smeltar. Ein særs stor endemorene blir gjerne kallara.

Morenemateriale dekker store dele av dei nedisa områda frå den sisteistida og kan vere tettpakka, slik at det står med steile skrentar der kor bekkene har skore seg gjennom. IØstfold ogVestfold er morenematerialet av eit slikt omfang at det dominerer store delar av landskapet.

Materialet manglar vanlegvis lagdeling, og dei einskilde steinane er lite runda og kan ha skuringsstriper. Ved nokre av landformene har det opphavlege morenematerialet likevel ha vorte sortert i sjøvatn og iselver, slik at det òg opptrer lagdelte og velsorterte avleiringar i dei.

Kvaliteten på morenemateriale som dyrkingsjord kjem an på korleis stein og leire er fordelt og kva slagberggrunn breane har samla materiale frå. Morenar danna av berggrunn som inneheld lettforvitra stein somskifer ogkalkstein gjev godt jordsmonn, slik ein til dømes finn i området mellomMjøsa ogTyrifjorden.

Midtmorene

[endre |endre wikiteksten]

Ei midtmorene er ei langstrekt morene langs midten av ein isbre, parallelt med bresidene. Midtmorenen kan ligge anten oppå eller i breen. Midtmorener oppstår når to isbrear renn saman og sidebreane deira slår seg saman, eller ved erosjon frå ein bergknaus som stikk opp midt i breen. Ei midtmorene vil ligge att som ein rygg midt i dalen når isen er smelta bort.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld:Morene
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Morene&oldid=3557074»
Kategoriar:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp