Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Montreal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Montréal
by
Flagg
Våpenskjold
Motto:Concordia Salus – «Frelse av harmoni»
Kallenamn:City of Mary (Ville-Marie)
Land Canada
ProvinsQuebec
Areal498 km²
Folketal1 762 949(2021)[1]
Grunnlagd1642
TidssoneEST(UTC-5)
  SommartidEDT(UTC-4)
PostnummerH
Retningsnummer514 og 438
Kart
Montreal
45°30′12″N73°35′13″W /45.5033426°N 73.5868411°W /45.5033426; -73.5868411
Wikimedia Commons:Montreal

Montreal ellerMontréal er den nest største byen iCanada, og den største i den canadiske provinsenQuebec. Opphavleg vart byen kallaVille-Marie («Maria by»), men vart omdøypt tilMontréal på 1700-talet, eit namn som kjem frå det franskeMont Royal («Kongeleg fjell»), som var namnet på ein ås med tre toppar i hjarte av byen.

Tidlegare var Montreal det største storbyområdet i Canada (i dag er detToronto), men er den nest største fransktalande byen i den vestlege verda etterParis. Ei folketeljing i 2021 talde 1 762 949 innbyggjar i sjølve Montreal. Montreal er det 15. største storbyområdet iNord-Amerika[2] og det 74. største i verda. 70 % av innbyggjarane er fransktalande, medan resten har engelsk eller andre minoritetsspråk som morsmål.

Montreal ligg sørvest i Quebec, om lag 200 km sørvest for provinshovudstadenQuébec og 150 km aust forOttawa, hovudstaden i Canada.

Montreal arrangerteVerdsutstillinga i 1967 (Expo '67), og var vertsby forSommar-OL 1976.

Université de Montréal er det største franskspråklege universitet i byen med rundt 50 000 studentar. Universitetet ligg i området Côte des Neiges, og har fleire ulike fakultet innanfor kommunikasjon, språk, medisin mfl. Der er fleire engelskspråklege universitet, og det mest kjende erMcGill University.

Folk frå Montreal

[endre |endre wikiteksten]

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld:Montreal
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Montreal&oldid=3559495»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2026 Movatter.jp