Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Mont Ventoux

Koordinatar:44°10′N5°17′E /44.167°N 5.283°E /44.167; 5.283
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mont Ventoux
fjell
Nordsida av toppen av Mont Ventoux
Land Frankrike
FjellkjedeYtterkanten avAlpane
Høgd1 909 moh.
Koordinatar44°10′N5°17′E /44.167°N 5.283°E /44.167; 5.283
Kart
Mont Ventoux
44°10′00″N5°17′00″E /44.166666666667°N 5.2833333333333°E /44.166666666667; 5.2833333333333
Wikimedia Commons:Mont Ventoux

Mont Ventoux er eit fjell iProvence sør iFrankrike, om lag 20 km nordaust forCarpentras iVaucluse. Fjellet har ei høgd på 1 909 meter over havet, og er det klart største fjellet i området, og har vorte kalla «Giganten i Provence». Fjellet ligg på grensa til departementetDrôme.

«Venteux» tyder «vindfull» påfransk, og det kan verte svært vindfullt på toppen, særleg i episodar medmistralvind då ein har registrert vind opp mot 320 km/t (89 m/s). Vegen over fjellet vert ofte stengd på grunn av kraftig vind. På 900-talet kunne ein omtala fjellet somMons Ventosus ogMons Ventorius.

Toppen av Mont Ventoux
Utsyn frå toppen av Mont Ventoux i morgongryet.

Mont Ventoux er geologisk ein del avAlpane, men vert ofte ikkje rekna som ein del av fjellkjeda, sidan det ikkje er andre høge fjell i område rundt. Det står aleine vest forLuberonkjeda, og like aust forDentelles de Montmirail. Toppen av fjellet er berrkalkstein utan vegetasjon. Den kvite kalkesteinen gjer at fjellet ser snøkledd ut året rundt (men snødekket varer vanlegvis berre frå desember til april). På ein klår dag kan ein sjå fjellet frå lang avstand, og frå toppen har ein eit glimrande utsyn over omgivnadane ogRhônedalen.

Historie

[endre |endre wikiteksten]

Den første ein kjenner til som klatra til toppen av fjellet varJean Buridan, som steig opp under ei reise til paven iAvignon før 1334 for å utføra meteorologiske observasjonar.[1][2] Ei betre kjend klatring var den tilFrancesco Petrarca 26. april 1336, saman med bror sin og to tenarar, som han skreiv om i eit brev til skriftefar sin.[3][4] Dette brevet vert sett på som eit av dei tidlegaste produkta frårenessansen oghumanismen, sidan fjellturen var inspirert av eit ordskifte iLivius sinHistoria til Roma. Petrarca vert rekna som grunnleggaren avalpinisme, sidan han uttrykte eit ynske om å klatre til toppen av Mont Ventoux berre for å nyte utsikta. Han kjende området godt sidan han budde iAvignon frå 1333 til 1349.

På 1400-talet vart det bygd eit kapell på toppen, tileignaKrossen. I 1882 vart det bygd ein vêrstasjon på toppen, men denne er ikkje lenger i bruk, og i 1960-åra vart det reist eit 50 meter høgd radiotårn her.

Plante- og dyreliv

[endre |endre wikiteksten]
Mont Ventoux sett fråMirabel-aux-Baronnies

Fjellet var opphavleg skogkledd, men vart systematisk avskoga frå 1100-talet av fordi skipsverfta i hamnebyenToulon kravde tømmer. Enkelte område har vorte gjenplanta etter 1860 med forskjellige lauvtre (somsteineik ogbøk) i tillegg til forskjellige bartre, somseder oglerketre. Litt høgare ereiner vanleg.

Fjellet er ein del av artsgrensa ellerøkotonen for dyre- og plantelivet i nordlege og sørlege delar av Frankrike. Enkelte artar, inkludert nokre artar avedderkopp ogsommarfugl, er unike for Mont Ventoux. Det er òg ein stad der ein kan sjåslangeørn.

Det biologiske særpreget vart erkjend avUNESCO i1990 då «Réserve de Biosphère du Mont Ventoux» vart grunnlagt, eit verna område på 810 km² på og rundt fjellet.

Sykling

[endre |endre wikiteksten]
Chris Froome ogNairo Quintana syklar opp Mont Ventoux under Tour de France 2013.

Innan sykkelsport finst det tre moglege ruter opp fjellet.

  • Frå sør: Klatringa startar iBédoin: 1 617 meter over 21,8 kilometer. Dette er rekna som den vanskelegaste klatringa, og er rekna av PJAMM Cycling som den tredje vanskelegaste klatringa i Frankrike.[5] Vegen til toppen har ei gjennomsnittleg helling på 7,43 %. Fram tilSaint-Estève er hellinga 3,9 % over 5,8 kilometer, men dei attverande 16 km har ei gjennomsnittleg helling på 8,9 %. Til samanlikning går klatringa oppAlpe d'Huez over rundt 13,8 km ei gjennomsnittleg helling på 7,9 %. Dei siste kilometrane kan ha sterk, valdsam vind. Rittet tar1+12 til2+12 timar for trente amatørsyklistar. Profesjonelle syklistar kan brua 60 til 75 minutt. Den raskaste klatringa ein har målt så lang varden tilTadej Pogačar i etappe 16 av Tour de France 2025, 53 minutt og 47 sekund. Tida blei målt frå Bédoin for fyrste gong i Tour de France 1958, dåCharly Gaul var den raskaste på 62 min 9 s.
  • Frå nordvest: Klatringa startar iMalaucène: 1 570 meter over 21,5 kilometer. Vanskegraden er omlag den same som ruta frå Bédoin, men denne er betre verna mot vinden.
  • Frå aust: Klatringa startar iSault: 1 210 meter over 26 kilometer. Dette er den lettaste ruta. EtterChalet Reynard (der «månelandskapet» til toppen byrjar) er klatringa den same som ruta frå Bédoin. Gjennomsnittshellinga er 4,4 %.

Kvart år blir det halde amatørtevlingar om å sykla opp fjellet både så raskt som mogleg, og så ofte som mogleg på 24 timar, i Ventoux Masterseries og Les Cinglés du Mont Ventoux.[6] 16. mai 2006 sloJean-Pascal Roux frå Bédoin rekorden på talet klatringar med elleve klatringar, alle frå Bédoin.[7]

Tour de France

[endre |endre wikiteksten]
Minnesmerke til Tom Simpson, som døydde nær toppen under Tour de France 1967, 29 år gammal.

Vegen opp Mont Ventoux er ein av dei mest krevjande klatringane i sykkelrittetTour de France. Han har vorte nytta atten gonger sidan 1951,[8][9] og på ti av dei har etappen blitt avslutta på toppen av Mont Ventoux. Mållinja er i ei høgd på 1 910 meter, men i 1965, 1967, 1972 og 1974 var ho lågare, ved 1 895 meter. Ved tevlinga i 2016 blei Mont Ventoux-etappen korta ned 6 km dagen før grunna ei vêrmelding om sterk vind på toppen. Etappen blei avslutta ved Chalet Reynard i ei høgd på 1 435 meter, kring 10 km inn i klatringa.[10]

Fjellet vart verdskjent då den engelske syklistenTom Simpson mista livet her 13. juli 1967 i ein kombinasjon avamfetamin,alkohol ogheiteslag.[8] Han byrja å vingle på vegen før han ramla. Han var ørsken og fekk hjelp av publikum til å kome seg på sykkelen igjen, og han sykla til han var om lag ein halv kilometer frå toppen, der han kollapsa og fall død om, med føtene framleis festa til pedalane. Det vart funne amfetamin i sykkeltrøya og i blodet hans. I 1970 kollapsa nestenEddy Merckx her då han vann etappen. Han fekk tilført oksygen etter målgang, vart betre, og vann til slutt heile rittet.[8]

Ski

[endre |endre wikiteksten]

Det finst to små skistasjonar på fjellet, Mont Serein på nordsida og Chalet Reynard på sørsida. Sterk vind og den avgrensa høgda gjer skisesongen nokså avgrensa. Vêrforholda gjer også at løypene på nordsida ofte har mykje is, noko som har leia til det lokale ordtaket «Qui skie au Ventoux, skie partout» (Kan du gå på ski på Ventoux, kan du gå på ski overalt).

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. Ernest A. MoodyJean Buridan i Dictionary of Scientific Biography
  2. Michael Kimmelman,"NOT Because it's There",New York Times, 6. juni 1999.
  3. Cassirer, Ernst (January 1943). «Some Remarks on the Question of the Originality of the Renaissance».Journal of the History of Ideas (University of Pennsylvania Press)4 (1): 49–74.JSTOR 2707236.doi:10.2307/2707236. 
  4. Halsall, Paul (August 1998).«Petrarch: The Ascent of Mount Ventoux».fordham.edu. Fordham University. Henta 5. mars 2014. 
  5. «France - Top Bike Climbs».pjammcycling.com. PJAMM Cycling Inc. Henta 22. desember 2022. 
  6. Club des Cinglés du Mont-Ventoux
  7. «Record de la montée du Ventoux en 24 heures : le live». Velo101.com. 16. mai 2006. Henta 15. juli 2013. 
  8. 123Peter Hymas (13. juli 2011).«Tour de France Gallery: Mont Ventoux».Cycling News. Future Publishing Limited. Henta 13. juli 2013.  See alsoJulian Barnes's "Tour de France 2000", (pages 71-89), in his book of essays,Something to Declare (2002).
  9. Barry Ryan (6. juli 2021).«Chris Froome returns to Mont Ventoux riding a different kind of Tour de France».Cycling News. Future Publishing Limited. Henta 12. juli 2021. 
  10. Ryan, Barry (13. juli 2016).«Tour de France: Ventoux stage shortened due to risk of 100km/h winds».Cycling News. Henta 13. juli 2016. 

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld:Mont Ventoux
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Mont_Ventoux&oldid=3632288»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp