Monika Pyrek | |
Statsborgarskap | Polen |
Fødd | 11. august1980 (44 år) Gdynia |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2012,Sommar-OL 2008,Sommar-OL 2004,Sommar-OL 2000 |
Utmerkingar | ridder av ordenen Polonia Restituta |
Monika Zofia Pyrek (fødd 11. august 1980) er einpolsk tidlegarefriidrettsutøvar fråGdynia som vann sølvmedaljen i stavhopp under VM 2005, EM 2006, VM 2009 og VM-bronsen i 2001.
Pyrek kneip bronsen i stavtevlinga i VM 2001 då ho klarte 4,55 meter i fyrste forsøk. Like høgt hoppa ho i VM 2003 ogSommar-OL 2004, noko som resulterte i fjerdeplassar begge gongane. Både i VM 2005 og EM 2006 sikra ho seg sølvmedaljen, den suverene verdseinarenJelena Isinbajeva kunne ho ingenting gjere med.
I VM-finalen 2007 forbetra Pyrek sitt personbeste til 4,75 m, men ettersom ho måtte ha tre forsøk på høgda måtte ho ta ti takke med fjerdeplassen. Under IAAF-finalane iStuttgart i slutten av september same året sette ho sin endelege personlege rekord med eit hopp 4,82 m og vart nummer to, som i verdsmeisterskapen vann Isinbajeva. Etter femteplass iSommar-OL 2008 vann Pyrek ein sølvmedalje i i Berlin-VM 2009, der landskvinnaAnna Rogowska vart verdsmeister.