2 Monaco er einbystat. 3Tala for BNP er omtrentlege. Monaco publiserer ikkje offisielle tal.
Fyrstedømmet Monaco (Munegu på det lokale talemålet) er den nest minste sjølvstendige staten i verda. BerreVatikanstaten er mindre. Monaco ligg mellomFrankrike ogMiddelhavet på den franskerivieraen (Cote d'Azur). Landet er hovudsakleg einbystat. Monaco er det tettast folkesette landet i verda med litt over 32 500 innbyggjarar fordelt på berre 1,96 km².
Monaco har opphavet sitt som einfønikisk gresk koloni på500-talet fvt. og kolonien vart kalla Monoikos frå detgreske Μόνοικος som tyder «enkelt hus». I følgje ei myte i antikken passerteHerkules gjennom Monaco. Det vart reist eit tempel her av fønikarane ti ære for Herkules, kalla Herkules Monoikos[1]
Fram til grunnlova i1911 varfyrstane av Monacoeineherskarar. I juli1918 vart det signert ein avtale om avgrensa fransk vern av Monaco. Avtalen, ein del avVersaillestraktaten, gjorde at den monegaskiske utanrikspolitikken vart styrt av franske politiske, militære og økonomisk interesser.
I1943 invaderte og okkuperte den italienske hæren Monaco og innførte einfascistisk administrasjon. Kort tid etter kollapsa styret tilMussolini iItalia ogNazi-Tyskland okkuperte Monaco og deporterte kort tid etter dei jødiske innbyggjarane, mellom annaRené Blum (Paris, 13. mars 1878 - Auschwitz, 30. april 1943), som grunnla Ballet de l'Opera i Monte Carlo.
I2002 vart det signert ein ny avtale mellom Frankrike og Monaco som avklarte at om alle arvingar til fyrstedømet skulle falle bort, skulle fyrstedømet bli verande sjølvstendig og ikkje gå tilbake til Frankrike. Forsvaret av Monaco vart framleis verande Frankrike sitt ansvar.
31. mars2005 hadde fyrst Rainier III vorte for sjuk til å halde fram oppgåvene sine og gav dei vidare til son sinfyrst Albert, marki av Baux.6. april2005 døydde fyrst Rainier. Fyrst Albert II av Monaco tok formelt over trona den 12. juli 2005. Albert II er son av den avlidne skodespelarinna og fyrstinnaGrace Kelly.
Sidan1911 har Monaco vorte styrt som eitkonstitusjonelt monarki med fyrsten som statsoverhovud. Statsministeren er den utøvande makta, han styrar ei regjering på fire personar. Statsministeren er ein fransk statsborgar utnemnd av Fyrsten blant kandidatar føreslått av dei franske styresmaktene. Etter 1962-grunnlova deler fyrsten makta si med det tokamra nasjonalrådet, som vert vald for fem år av gongen.
Byen Monaco vert styrt av kommunestyret med 15 valde representantar leia avborgarmeisteren.
Monaco består nesten berre av byområde. Monaco er delt inn i fire bydelar (quartiers), Monaco-Ville (gamlebyen), La Condamine (hamneområdet),Monte Carlo (det viktigaste bustadområdet og kasinoet) og Fontvieille (nybygd). Det høgaste punktet i Monaco (161 moh.) ligg langs gangvegenChemin des Révoires.