Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Mona Lisa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
MålerietMona Lisa, påfransk helst kallaLa Joconde.
Salen iMusée du Louvre der måleriet er stilt ut. Måleriet er å sjå midt på tverrveggen som stikk ut i bakgrunnen, og er verna av eit solid glas og andre innretningar.

Mona Lisa, òg kallaLa Joconde, er eit 77 × 53 cm stort kvinneportrett i oljefargar på ei plate av poppeltre som denitalienske kunstnarenLeonardo da Vinci fullførte ein gong i tidsrommet 1503 til 1506 eller til 1519. Portrettet av denne unge kvinna med den karakteristiske løyndomsfulle smilen, truleg ei kvinne fråFirenze, Mona Lisa del Giocondo, har i nyare tid vorte eit av dei mest vidgjetne måleria i verda. Det er eigd avden franske staten og stilt ut iMusée du Louvre iParis.

Allereie frå fyrste stund vart dette måleriet sett stor pris på i kunstnarkrinsar, og mange kunstnarar så på det som eit føredøme på korleis eit portrett skulle målast. Iromantikken vart kunstnarane særleg fascinert av det gåtefulle som dei såg i maleriet, og dei mytane som har gjort det til eit av dei mest kjende av alle måleri, tok til å utviklast. Det viktigaste elementet i denne myteskapinga var den løyndomsfulle smilen til kvinna, og det har vore lansert ein rad ulike forklåringar på kvifor ho smiler på dette viset, frå til dømes at det har å gjere med at ho var sjukleg, til at ho var lukkeleg og avslappa.

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld:Mona Lisa
Spire
Dennekunstartikkelen er eispire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom åutvide han.
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Mona_Lisa&oldid=3579796»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp