Meter over havet (forkortamoh.) vert brukt for å definere høgda til eit punkt i høve tilhavnivået, målt imeter. Nemningameter under havet vert på liknande vis nytta om stader som ligg lågare enn havnivået. I somme land er det vanleg å oppgi måla ifot istaden for meter.
Påkart er høgda over havet gjerne markert med fargar ellerkotar. Høgda tilinnsjøar,fjell,åsar, søkk i terrenget og andretopografisk interessante punkt kan òg bli markerte med tal.
Høgda vert rekna frå middelvasstanden langs kysten på eit fastsett tidspunkt, ein normalnull, som for det nasjonale høgdemålingssystemet i Noreg er året 1954 og knytt til eit fastmerke som finst ved Tregde vasstandsmålar i nærleiken avMandal. Den høgda dette fastmerket er plassert i, er fastsett i 1954 på grunnlag av ei utjamning av utrekningar av middelvasstanden for vasstandsmålingar gjort frå 18 til 53 år iOslo,Nevlunghavn,Tregde,Stavanger,Bergen,Kjølsdal ogHeimsjø.
Hypsografi er skildringa av høgdeforholda på jorda. Ei hypsografisk kurve er ei grafisk framstilling av korleis arealet på jordoverflata i middel er fordelt på dei ulike høgdenivåa.[1]