Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Mitanni

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kongeriket Mitanni

 

ca. 1600 f.Kr.–ca. 1260 f.Kr.
Plasseringa til Mitanni
Plasseringa til Mitanni
Kongeriket Mitanni på den styrste utstrekkinga si underBaratarna kring 1490 f.Kr.
HovudstadWashukanni
SpråkHurrisk
Akkadisk
Amorittisk
Religion
StyreformMonarki
Konge
 - ca. 1540 f.Kr.Kirta (fyrste kjende)
 - ca. 1260 f.Kr.Shattuara II (siste)
Historisk periodeBronsealderen
 - Opprettaca. 1600 f.Kr.
 - Opphøyrdeca. 1260 f.Kr.
Kart over Levanten kring 1400 f.Kr. som viser kongeriket Mitanni på det største.

Mitanni (transkribert fråhettittiskkileskrift:Mi-ta-an-ni) ellerHanigalbat (assyrisk:Hanigalbat ellerKhanigalbat, transkribert frå kileskriftḪa-ni-gal-bat) var einhurrittisktalande stat i nordlegeSyria og sørvestlegeAnatolia i tida 1500–1300 f.Kr. Det vart grunnlagt av einindoarisk herskarklasse som kontrollerte ein hovudsakleghurrittisk folkesetnad. Mitanniriket kom til å bli ei regional makt etterhettittane øydela detamorittiskeBabylon[1] og ei rekkje svake og handlingssvake assyriske kongar som hadde skapt eit maktvakuum iMesopotamia.

I byrjinga var den fremste rivalen til MitanniriketEgypt underdet 18. egyptiske dynastiet. Men etter kvart som det hettittiske riket voks seg mektigare, gjekk Mitanni og Egypt inn i ein allianse for å verne dei felles interessene sine. På makta var på det største på 1300-talet f.Kr. hadde Mitanni utpostar sentrert rundt hovudstaden sinWashukanni. Kvar denne byen nøyaktig låg er i dag ukjend, men kan vere ein til no ikkje undersøkttell i nærleiken av elvenKhabur iSyria, aust forEufrat. Til sist bukka Mitanni under for det hettittiske riket og seinare frå assyriske åtak, og statusen vart redusert til ein provins innanfor det assyriske riket. Påverknaden til Mitanni er vist i hurrittiske stad- og personnamn, og spreiing av ein særskildkeramikktype i Syria ogLevanten.

Geografi

[endre |endre wikiteksten]

Mitanniriket kontrollerte handelsrutene ned elva Khabur til byenMari og opp elvaEufrat til byenKarkemisj. Ein periode kontrollerte dei òg dei assyriske områda i øvreTigris og overvatnet frå denne elva vedNinive,Arbil,Assur ogNuzi. Deira allierte omfattaKizzuwatnariket i det søraustlegeAnatolia; Mukisj som strekte seg mellomUgarit ogQatna vest for elvaOrontes til havet; og Niya som kontrollert austbreidda av Orontes fråAlalakh ned gjennomAleppo,Ebla, ogHama og til Qatna ogKadesj. I aust hadde dei gode forhold tilkassittane.[2] Landet til Mitanniriket i nordlege Syria strekte seg fråTaurusfjella i vest og så langt aust som Nuzi (dagensKirkuk) og til elva Tigris. I sør strekte det seg fråAleppo over (Nuhashshe) til Mari ved Eufrat i aust. Senteret var i elvedalen Khabur med to hovudstader,Taite ogWashshukanni (kalla høvesvisTaidu ogUshshukana i assyriske kjelder). Heile området gjorde det mogleg å drivejordbruk utan kunstig vatning. Dei dreiv husdyr som kyr, sauer og geiter. Landa var særs likAssyria i klima og var busett av både stadeignehurrittar ogamorittisktalande (amurru) folkesetnader.

Namn

[endre |endre wikiteksten]

Mitanniriket vart refererte til somMaryannu, Nahrin ellerMitanni av egyptarane, somHurri av hettittane, ogHanigalbat av assyrarane. Ulike namn synest å ha vorte nytta om kvarandre for det same kongeriket.[3] Hettittiske annalar nemner eit folk kallaHurri (Ḫu-ur-ri), lokalisert i det nordaustlege Syria. Eit hettittisk fragment, truleg frå tida tilMursili I, nemner ein «konge av hurriane». Den assyrisk-akkadiske versjonen av teksten attgjev «Hurri» som «Hanigalbat». Tushratta, som kallar seg sjølv konge av Mitanni i dei akkadiskeAmarnabreva sine til den egyptiske statsadministrasjonen, referer til kongedømet sitt somHanigalbat.[4]

Egyptiske kjelder kaller Mitanni fornhrn, noko som generelt er uttalt somNaharin/Naharina[5] frå det assyrisk-akkadiske ordet for «elv», samanlikna med Aram-Naharaim. Namnet Mitanni er først dokumentert i ein tekst om dei syriske krigane (ca. 1480 f.Kr.) av den offisielle astronomen og klokkebyggjaren Amememhet som kom tilbake frå eit «utanlandsk land kalla Me-ta-ni» på tida til faraoThutmose I.[6] Felttoget til Naharina som vart annonsert av faraoThutmosis I i byrjinga av styret hans[7] kan faktisk eigentleg ha skjedd i løpet av det lange tidlegare styret tilAmenhotep I.[8][9]

Folket

[endre |endre wikiteksten]

Etnisiteten til folket i Mitanni er det vanskelig å avgjere sikkert. Ei avhandling om stridsvognhestar avKikkuli (ein forfattar omhesteskjøtsel) inneheld ei rekkje indoariske ord.[10] Det er foreslått at desse orda var avleidd frå eit framleis udelt indoiransk språk,[10][11] Annan forsking har derimot vist særskilte at det fanst indoariske trekk.[12]

Namna til det mitanniske aristokratiet er ofte av indoarisk opphav, men det er særskild guddomane deira som viserindoariske røter (Mitra,Varuna,Indra,Nasatya), men ein del forskarar meiner at dei er meir direkte i slekt med kassittarane.[13] Språket til vanlege folk var hurrisk språk, verkenindoeuropeisk ellersemittisk.[14] Hurrittisk er i slekt medurartisk, og begge høyrte til denhurro-urartiske språkfamilien. Det har blitt hevda at ingenting meir kan bli dedusert frå dei noverande kjeldene.[15] Eit hurrisk avsnitt iAmarnabreva vanlegvis skriven påakkadisk, «fellesspråket» på denne tida indikerer at kongefamilien i Mitanni òg snakka hurrisk.

Folk med hurriske namn finst over store område i Syria og nordlege Levanten som er openbert utanfor det området av den politiske eininga kjent i Assyria som Hanilgalbat. Det er ingen indikasjonar på at desse personane var knytte til den politiske eininga Mitanni; men det tyske omgrepetauslandshurriter («eksilhurrittar») er blitt nytta. På 1300-talet f.Kr. vart mange bystatar i det nordlege Syria og Kanaan styrt av personar med hurriske og ein del indoariske namn. Om det kan reknast som ein indikasjon på at folkesetnaden i desse bystatane òg var hurittar, er det mogeleg at desse einingane var ein del av ein større stat som delte ein hurrisk identitet. Det er ofte trudd, men utan ei kritisk undersøking av kjeldene. Skilnader i dialekt og regionale ulike religiøse gudeverder (Hepat/Shawushka, Sharruma/Tilla og vidare) peiker til at det eksisterte fleire grupper av hurrisktalande folk.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. Bryce, Trevor (2005):The Kingdom of the Hittites. Oxford University Press. s. 98.
  2. Roaf, Michael: Cambridge Atlas of Mesopotamia maps, s. 134–135.
  3. Astour, Michael C. (april 1972): «Ḫattusilis̆, Ḫalab, and Ḫanigalbat» i:Journal of Near Eastern Studies 31.2 (102–109), s. 103.
  4. Astour, Michael C. (1972), s. 103, noterer Amarnabreva 18:9; 20:17;29:49.
  5. Faulkner, Raymond O. (1962):A Concise Dictionary of Middle Egyptian, Griffith Institute, Oxford, s.135.; Kitchen, Kenneth: Egyptian New Kingdom Topographical lists, University of Memphis, s. 5, nedste avsnittet
  6. Denne teksten til Amememhet, ein form for memoarar, blei utgjeven av Borchardt, L. (1930): «Altägyptische Zeitmessung» i: Basserman-Jordan, E. von: Die Geschichte der Zeitmessung und der Ühre, vol. I. (Berlin/Leipzig), s. 60ff, notert i Astour (1972), s. 104, notane 25,26.
  7. Helck, W. (1969):Oriens Antiquus 8, s. 301, note 41; 302.
  8. Drioton, É. & Vandier, J. (1962): L'Égypte, 4. utg., Paris, s. 396f.
  9. Helck, W. (1969) trur dette var den ekspedisjonen som var nemnt av Amenhotep II.
  10. 12 Drews, Robert (1994):The Coming of the Greeks: Indo-European Conquests in the Aegean and the Near East, Princeton University Press, «Chariot Warfare», s. 61
  11. Kammenhuber, Annelies (1968): «Die Arier im vorderen Orient», Heidelberg: Carl Winter Universistätsverlag, s. 238. På side 238 indikerer forfattaren at dei snakket «noch ungeteiltes Indo-Iranisch».
  12. Mayrhofer, M. (1974):Die Arier im Vorderen Orient ein Mythos? Sitzungsberichte der Oesterreichischen Akademie der Wissenschaften 294,3, Wien; Mayrhofer, M. (19862000):Etymologisches Wörterbuch des Altindoarischen, Heidelberg, bind IV
  13. Roux, Georges (1966):Ancient Iraq, Penguin Books, s. 229.
  14. Roux, Georges (1966):Ancient Iraq. Penguin Books, s. 234.
  15. Speiser, E. A. (1941):Introduction to Hurrian i: American Schools of Oriental Research, New Haven. Annual of the American Schools of Oriental Research, Vol. 20. s. 10.
  • Denne artikkelen bygger på «Mittanni» fråWikipedia på bokmål, den 16. mai 2014.
  • Dassow, Eva Melita von (1997):Social Stratification of Alalah Under the Mittani Empire. [S.l: s.n.]
  • Gaal, E. (1982): «The economic role of Hanilgalbat at the beginning of the Neo-Assyrian expansion» i: Nissen, Hans-Jörg; Renger, Johannes (red.):Mesopotamien und seine Nachbarn. Politische und kulturelle Wechselbeziehungen im Alten Orient vom 4. bis 1. Jahrtausend v. Chr. Berliner Beiträge zum Vorderen Orient 1, Berlin, Reimer, s. 349354.
  • Harrak, Amir (1987): «Assyria and Hanilgalbat. A historical reconstruction of the bilateral relations from the middle of the 14th to the end of the 12th centuries BC.» i:Studien zur Orientalistik, Hildesheim, Olms.
  • Kühne, Cord (1982): «Politische Szenerie und internationale Beziehungen Vorderasiens um die Mitte des 2. Jahrtausends vor Chr. (zugleich ein Konzept der Kurzchronologie). Mit einer Zeittafel» i: Nissen, Hans-Jörg; Renger, Johannes (red.):Mesopotamien und seine Nachbarn. Politische und kulturelle Wechselbeziehungen im Alten Orient vom 4. bis 1. Jahrtausend v. Chr. Berliner Beiträge zum Vorderen Orient 1, Berlin, Reimer, s. 203264.
  • Novák, Mirko (2007): «Mittani Empire and the Question of Absolute Chronology: Some Archaeological Considerations» i: Bietak, Manfred; Czerny, Ernst (red.):The Synchronisation of Civilisations in the Eastern Mediterranean in the Second Millennium BC III, Österreichische Akademie der Wissenschaften Denkschrift Band XXXVII; Wien;ISBN 978-3-7001-3527-2; s. 389401.
  • Thieme, P. (1960): «The 'Aryan Gods' of the Mitanni Treaties» i:Journal of the American Oriental Society80, s. 301317
  • Starr, R.F.S. (1938):Nuzi, London.
  • Weidner (1969): «Assyrien und Hanilgalbat» i:Ugaritica 6
  • Wilhelm, Gernot (1989):The Hurrians, Aris & Philips Warminster

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Mitanni&oldid=3637807»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2026 Movatter.jp