Minsk er det kulturelle og industrielle sentrumet i Belarus. Industrien omfattar produksjon av transportmiddek, næringsmiddel, kjemikaliar og ulike forbruksvarer. Byen er eit veg- og jernbaneknutepunkt med internasjonal lufthavn. Det finst også ein tunnelbane i byen.[1]
Minsk vart grunnlagt som del av eitvikingrike på 900-talet og vart seinare underlagtPolen-Litauen. Frå 1569 var han ein delstatshovudstad iDen polsk-litauiske realunionen. I 1655 vart Minsk erobra av russarane, men vart teken tilbake av Polen-Litauen. Byen vart igjen annektert avRussland vedPolens andre deling i 1793. Han blei hærteken av Napoleon sin hær i 1812.[1]
I perioden mellom 1919 og 1991 var Minsk hovudstad iKviterussiske SSR. Underandre verdskrigen vart Minsk bomba alt første dagen av dettyske åtaket på Sovjetunionen, 22. juni 1941. Fire dagar seinare vart byen teken. Nokre fabrikkar, museum og titusenvis av sivile hadde likevel alt vorte evakuerte austover. Tyskarane gjorde Minsk til administrasjonssenter for «Reichskomissariat Ostland», og behandla sivilfolket svært brutalt.Kommunistar vart fengsla eller avretta, og tusenvis av sivile vart tvinga inn i slavearbeid både lokalt og i Tyskland. Tusenvis svalt i hel då tyskarane rekvirerte det meste av maten i området og det mest ikkje var betalt arbeid å få. Minsk vart etter kvart eit senter for sovjetiskpartisanverksemd. Ighettoen stuanazistane saman over 100 000jødar. Dei fleste vart drepne. Minsk vart frigjord 3. juli 1944 under den store sovjetiske offensivenOperasjon Bagration. Men då var mesteparten av byen ein ruinhaug, og det meste måtte byggjast opp på ny. Førandre verdskrigen hadde Minsk 300 000 innbyggjarar. Ved frigjeringa i 1944 var det berre 50 000 att.[treng kjelde]
Universitetet i Minsk er frå 1921. Byen har også fleire høgskolar og institutt.[1]