Ein minnepinne med hette (og ein linjal som syner storleiken)
Einminnepinne er eitminnekort (tildatamaskiner) som har avlang form (derav namnet) og ein storleik som gjer det lett å ta med seg i lomma (t.d. festa på eit nøkkelknippe).
Minnepinnar kan pluggast rett inn i passande portar (ofteUSB-portar) i datamaskiner, for rask kopiering av data som ein ynskjer å transportera. Datamaskina oppfattar minnepinnen som eit ekstraplatelager.
Somme minnepinnar har innebygd kryptering med passord, fordi ein liten pinne kan vera lett å miste.
Minnepinnar kan ha ein kapasitet frå nokre fåKB til fleireGB.
Avlange minnekort tilSony-fotoapparat vert somme tider kalla minnepinnar, både på grunn av forma og varemerkenamnetMemory Stick.