Minix er eitt av fleire «Unix-liknande»operativsystem, desse inkluderer operativsystemaIdris,Coherent ogUniflex. Somme av desse vart skrivne fordiAT&T si opphavlegelisensiering avUnix gjekk ut ifrå at det skulle seljast til organisasjonar for kommersielt bruk. Dei «Unix-liknande» operativsystema vart skrivne frå grunnen av utan noko kode frå AT&T.
Linux var påverka av Minix (Linus Torvalds var kjend med det, og nytta det som eit utviklingsverkty), men er på mange måtar svært ulikt Minix-arkitekturen. Det gjeld særleg Linux sin monolittiskekjerne framformikrokjernen i Minix. Då Minix vart utvikla, vart lisensen sett på som særs liberal, med eit svært lite lisensgebyr samanlikna med tilsvarande operativsystem. Dette var eit kompromiss mellom Tanenbaum sin intensjon om å ha Minix som eit instruerande eksempel, og utgjevaren sine ynskje om å handheve kopiretten i koden. Sidan det ikkje var fullstendigopen kjeldekode, bidrog mange frivillige utviklarar heller tilLinux- ogFreeBSD-kjernane. I slutten av 1990-åra vart lisensen for Minix endra til open kjeldekode, men då hadde allereie andre operativsystem overgått Minix i funksjonalitet, og det heldt fram som eit undervisningverkty – som Tanenbaum hadde meina at det skulle vere – framfor å bli eit utbreidd operativsystem.
Minix-distribusjonar har dei følgjande ISBN-nummera. Dei inneheld alle kjeldekoden, men kan vere utilgjengelege for sal:
Eit sett av 5¼"-diskettar for IBM-PC-ar med 640 KBRAM, som kan bli nytta på 512 KB-datamaskiner om du justerer somme programstorleikar. Tilgjengeleg somISBN 0-13-583873-8.
Eit sett med diskettar for IBM PC med 256 KB RAM, som ikkje inkluderer nokon C-kompilator sidan den ikkje kan køyre med så lite minne. Tilgjengeleg somISBN 0-13-583881-9.
Eit sett med diskettar for IBM PC/AT med minst 512 KB RAM; 1,2 MB 5¼"-diskettar er nytta istadenfor tidlegare 360 KB-diskettar. Tilgjengeleg somISBN 0-13-583865-7.
Minix versjon 2.0 er distribuert på einCD-ROM som følgjer medOperating Systems: Design and Implementation, 2. utgåve, av Tanenbaum og Woodhull (1997,ISBN 0-13-638677-6). Seinare utgåver er tilgjengelege på nettet.