Mineralvatn ervatn som inneheldmineral eller andre oppløyste stoff som gir vatnet smak eller helsebringande effekt.
Alt naturleg vatn inneheld oppløystesalt ogmineral, men mineralvatn har gjerne fleire av dei og er gjerne òg tilsettkolsyre. Mineralvatn kan ofte vera brusande.
Naturleg mineralvatn har sitt opphav igrunnvassreservoar og kjenneteiknast av godmikrobiologisk kvalitet, at det er naturleg i si form og av opphavleg tilstand. Desse eigenskapane er intakte fordi vatnet kjem frå grunnen og såleis er verna mot ureining.
Heilt sidanantikken har kolsyrehaldig vatn frånaturlege kjelder vore rekna som sunt og helsebringande. Vatnet i dei gjævaste mineralkjeldene inneheldt det folk meinte var ei livgivande syre, «acidum occultum», ei syre som sidan vart identifisert somkolsyre. Varmt, kolsyrehaldig grunnvatn har særleg stor evne til å løysesaltar frå berggrunnen. Folk la merke til at mineralkjeldene var velgjerande ved somme sjukdommar, og sidan folk har hang til å generalisere, meinte dei snart at vatnet måtte vere godt mot all slags sjukdom.
På 1600-talet byrja òg folk i Skandinavia å drikke mineralvatn som skulle bøte på stort sett alle slags lyter, ei oppfatning som heldt seg i drygt 250 år.
Etter kvart utvikla dei kolsyrehaldige drikkene seg frå medisin til tørsteslukkarar. Tidleg på 1900-talet kom brus på flasker ihandelen, marknadsført under namnet «mineralvatn».
Brus og andrekolsyrehaldige leskedrikkar er ikkje mineralvatn, men blir ofte omtala som dette i daglegtale.
Naturleg mineralvatn medkolsyre har vorte eintrenddrikk gjennom1990-talet.