Midi-Pyrénées har ikkje tidlegare vore eit historisk eller geografisk område, og er ein av dei franske regionane som vart kunstig oppretta seint på 1900-talet for å støtte opp om hovudstaden,Toulouse. Eit anna døme på dette er regionenRhône-Alpes, som vart oppretta for å støtte opp omLyon.
Namnet på den nye regionen vart vald av den franske staten utan referanse til dei historiske provinsane (som det har vore svært mange av i regionen), og var berre basert på geografi:Midi (t.d. «sørlege regionar» sett frå Paris) -Pyrénées (Pyreneane, som er den sørlege grensa for regionen).