Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Michelson-Morley-eksperimentet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Michelson-Morley-eksperimentet var eiteksperiment utført avAlbert Michelson iBerlin i 1881 etter eit tidlegare forslag avJames Clerk Maxwell. Eksperimentet vart gjenteke og forbetra av Michelson og ogEdward Morley iCleveland i 1887, og vert omtala som Michelson-Morley-eksperimentet.

I eksperimentet prøvde dei å påvise denrelative rørsla til materie gjennom den stasjonæreeteren. Dei negative resultata er generelt rekna som dei første sterke bevisa mot den då rådande eterteorien, og sette i gang forsking som førte tilspesiell relativitet, der omgrepet stasjonær eter ikkje spelar noko rolle.[1] Eksperimentet har vorte omtalt som «startskotet for den andre vitskaplege revolusjonen».[2]

Eksperimentet har vorte utført på nytt av mange andre seinare med stadig større grannsemd. Desse omfattar eksperiment frå 1902 til 1905 og ei rekkje eksperiment i 1920-åra. I tillegg har nyareresonatoreksperiment stadfesta at det ikkje finst noko etervind ved 10−17-nivået.[3][4] I lag medIves–Stilwell- ogKennedy–Thorndike-eksperimentet dannar det ein av dei grunnleggande testane for teorien omspesiell relativitet.[5]

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. Staley, Richard (2009), «Albert Michelson, the Velocity of Light, and the Ether Drift»,Einstein's generation. The origins of the relativity revolution, Chicago: University of Chicago Press,ISBN 0-226-77057-5 
  2. Earl R. Hoover,Cradle of Greatness: National and World Achievements of Ohio's Western Reserve (Cleveland: Shaker Savings Association, 1977)
  3. Eisele, Ch.; Nevsky, A. Yu.; Schiller, S. (2009).«Laboratory Test of the Isotropy of Light Propagation at the 10−17 level»(PDF).Physical Review Letters103 (9): 090401.Bibcode:2009PhRvL.103i0401E.PMID 19792767.doi:10.1103/PhysRevLett.103.090401. Arkivert fråoriginalen(PDF) 26. januar 2022. Henta 19. mai 2013.  CS1 maint: Multiple names: authors list (link)
  4. Herrmann, S.; Senger, A.; Möhle, K.; Nagel, M.; Kovalchuk, E. V.; Peters, A. (2009). «Rotating optical cavity experiment testing Lorentz invariance at the 10−17 level».Physical Review D80 (100): 105011.Bibcode:2009PhRvD..80j5011H.arXiv:1002.1284.doi:10.1103/PhysRevD.80.105011.  CS1 maint: Multiple names: authors list (link)
  5. Robertson, H. P. (1949). «Postulate versus Observation in the Special Theory of Relativity».Reviews of Modern Physics21 (3): 378–382.Bibcode:1949RvMP...21..378R.doi:10.1103/RevModPhys.21.378. 

    Bakgrunnsstoff

    [endre |endre wikiteksten]
    Commons har multimedium som gjeld:Michelson-Morley-eksperimentet
    Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Michelson-Morley-eksperimentet&oldid=3421100»
    Kategoriar:
    Gøymd kategori:

    [8]ページ先頭

    ©2009-2025 Movatter.jp