Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Michael Palin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Michael Palin

StatsborgarskapStorbritannia
Fødd5. mai 1943 (82 år)
Broomhill & Sharrow Vale
Yrkeskodespelar,komikar,manusforfattar,dagbokskrivar,songar,filmskodespelar,programleiar,barnebokforfattar,fjernsynsskodespelar,reiseforfattar,TV-forfatter,filmmanuskriptforfatter,filmprodusent,video game actor,stemmeskodespelar
Språkbritisk-engelsk
Medlem avMonty Python
EktefelleHelen Gibbins
Prisarkommandør i den britiske imperieorden,Patron’s Medal,BAFTA Award for Best Actor in a Supporting Role,BAFTA Academy Fellowship Award,James Joyce-prisen,Den europeiske filmprisen for livslang innsats,kommandørridder av Sankt Mikaels og Sankt Georgs orden,Ness Award,Livingstonemedaljen,Fellow of the Royal Society of Literature
Michael Palin på Commons

Michael Edward Palin (fødd5. mai1943 iSheffield) er einengelskkomikar,skodespelar, programleiar og forfattar. Han er kjend som ein av medlemmane i den britiske komikargruppaMonty Python og for ei rekkje reisedokumentarar.  I 2000 vart han kommandant avOrder of the British Empire.Han var leiar forRoyal Geographical Society frå 2009 til 2012.[1] I 2013 blei Palin utnemnd tilBAFTA Fellow, den høgaste æraBritish Academy of Film and Television Arts deler ut.[2]

Monty Python

[endre |endre wikiteksten]

Palin vart først kjend då han var med og skreiv TV-serienDo Not Adjust Your Set på slutten av 1960-talet. Dette var ein serie for barn der han,Terry Jones ogTerry Gilliam hadde nokresurrealistiske sketsjar. Seinare gjekk dei saman medJohn Cleese,Graham Chapman ogEric Idle om å laga Monty Python's Flying Circus. I Flying Circus spelte Michael Palin ofte ein uvitande, stakkarslig fyr, eller overivrig programleiar. Han medverka òg på alle Monty Python-filmane.

Etter Monty Pythons mest produktive tid spelte han i ei lang rekkje komediar somJabberwocky,Time Bandits,Brazil,En fisk ved navn Wanda ogOlme Beist.

Dei første reisedokumentarane

[endre |endre wikiteksten]

Michael Palin har produsert ein serie med ferdprogram forBBC. Desse har vore vist på norsk fjernsyn avNRK og vorte sende i beste sendetid, vanlegvis på laurdagar.

Hans første reisedokumentar var innslag i BBC-serienGreat Railway Journeys of the World i 1980, der han på ein humoristisk måte mintest hobbyen frå barndomen sin; åsjå på tog—og reiste med toga England rundt. Seinare følgde ein tilsvarande serie i 1994‚ der han togaIrland rundt.

Sidan 1989 har Palin presentert ein serie verdsomspennande reiseprogram for BBC som, forutan å ha vorte gjort tilgjengeleg påDVD ogVHS er vortne vist på ei rekkje fjernsynsstasjonar både i og utanforEuropa.

Dei store reisedokumentarane

[endre |endre wikiteksten]
  • 1989:Jorden rundt på 80 dager med Michael Palin («Michael Palin Around the World in 80 Days»), ei reise som gjenskapte så godt som moglegJules Verne si historie av same namn.
  • 1991:Fra pol til pol med Michal Palin («Pole to Pole with Michael Palin»). Ei reise fråNordpolen tilSørpolen, der Palin så langt som praktisk mogleg følgde den 30. lengdegraden over land, dvs. gjennomEuropa ogAfrika.
  • 1996/97:Jorden rundt med Michael Palin («Full Circle with Michael Palin»). Her reiste Palin jorda rundt, ei reise på 80 000 kilometer som byrja iBeringstredet. Han reiste mot klokka og ferden tok ham gjennomAsia,Oseania ogAmerika.
  • 1999:Michael Palin i Hemmingways fotspor («Michael Palins Hemingway Adventure») der han tok for segErnest Hemingway sine reiser gjennomUSA,Europa,Afrika ogKaribia
  • 2001:Gjennom Sahara med Michael Palin («Sahara with Michael Palin»)
  • 2003:Gjennom Himalaya med Michael Palin («Himalaya with Michael Palin»)
  • 2007:Michael Palins nye Europa («Michael Palin's New Europe»). Ei reise gjennom Aust-Europa.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. «People & Staff». Royal Geographical Society. Arkivert fråoriginalen 15. juni 2012. Henta 24. juni 2012. 
  2. «Michael Palin To Receive Academy Fellowship at the Arqiva British Academy Television Awards». bafta.org. 2. mai 2013. 

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Michael_Palin&oldid=3546020»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp