Mexico by er hovudstaden og den største byen iMexico. Tidlegare heitte byenTenochtitlan. Byen ligg sentralt i Mexico, på eit platå som ligg 2 200 meter over havet. Byen er omgjeven av fleirevulkanar som rager opp til 5 500 meter over havet.
Eit kallenamn på Mexico by erla Ciudad de los Palacios, 'palassbyen'.
Sjølve sentrum av byen høyrer til administrativt Det føderale distriktet i Mexico (Distrito Federal,D.F). Forstadene til byen ligg i ti kommunar i den omliggande statenEstado de México. Det bur om lag 8,5 millionar menneske i Distrito Federal, men med forstader er innbyggjartalet nesten 18 millionar.
Mexico by vart grunnlagt av den spanskeconquistadorenHernán Cortés i 1521. Byen vart lagt på ruinane til aztekar-byenTenochtitlan, som Cortés nett hadde øydelagt.
Byen fungerte som hovudsete for visekongedømet Mexico frå 1525 til 1810, då området var ein spanskkoloni. Etter Mexico sitt sjølvstende har Mexico by fungert som hovudstad i landet Mexico.
På 1900-talet har byen hatt ein eksplosiv vekst i innbyggjartalet. I 1950 hadde Mexico by 3 millionar innbyggjarar. I 2000 hadde byen 18 millionar innbyggjarar, og veksten i innbyggjartalet har no flata ut.
Mexico by var vertsby for dei19. olympiske sommerleikane i oktober 1968.