Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Mexico

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
[endre]
Estados Unidos Mexicanos

(norsk: Mexico, meksikansk)

Det meksikanske flaggetDet meksikanske riksvåpenet
FlaggRiksvåpen
Nasjonalsong«Himno Nacional Mexicano»
MottoEl respeto al derecho ajeno es la paz (Spanish : Respect for the rights of others is peace) also sufragio efectivo – no reelección (Spanish: effective suffrage - no re-election) is widely in use on government documents
Geografisk plassering av Mexico
Offisielle språkSpansk
HovudstadMexico by
Styresett
Forbundsrepublikk
Andrés Manuel López Obrador
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
1 964 375 km² (13.)
2,5 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
124 574 795 (11.)
63,4 /km² (120.)
Sjølvstende
  - Erklært
  - Anerkjent
FråSpania
16. september1810
27. september1821
Nasjonaldag16. september
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
2 220 000mill.USD (11.)
19 300USD (69.)
ValutaMeksikansk peso
TidssoneUTC -5 til -7
Telefonkode+52
Toppnivådomene.mx


Dei sameinte meksikanske statane eller berreMexico (spanskEstados Unidos Mexicanos ellerMéxico) er eit land som ligg iNord- ogMellom-Amerika med grenser tilUSA i nord ogGuatemala ogBelize i søraust. I sør og vest har landet kystline motStillehavet, og i aust motMexicobukta ogDet karibiske havet. Det er det nordlegaste landet iLatin-Amerika og det folkerikastespanskspråklege landet i verda.

Landet er einføderalrepublikk og har over hundre millionar innbyggjarar. Rundt 20 millionar av dei bur i og rundt hovudstadenMexico by. Det høgaste fjellet i landet er vulkanenPico de Orizaba.

I rundt tre tusen år var Mexico heimen til fleiremesoamerikanske sivilisasjonar, slik somolmecane,mayaene ogaztekarane. Etter at aztekarane var overvunne i1521, la spanskeconquistadorar landet under seg og grunnlaNye Spania, einkoloni som vara i tre hundre år.

Den katolske prestenMiguel Hidalgo erklærte landet sjølvstendig frå Spania i1810. Dette førte til ein lang krig som til slutt enda med at Mexico blei eit sjølvstendig keisardøme i1821.Det blei utropt til republikk i 1824.

Namn

[endre |endre wikiteksten]
Månepyramiden i Mexico sett frå Solpyramiden.

Mexico er ei politisk eining som oppstod på 1800-talet. Sjølv om nokre forfattarar omtalte seg sjølv sommeksikanarar tidlegare enn dette, var det ikkje før landet blei sjølvstendig at namnet Mexico blei teke definitivt i bruk.

Heilt sidan landet blei einføderalstat, har det offisielle namnet voreEstados Unidos Mexicanos («Dei sameinte meksikanske statane»).Grunnlova frå1824 brukar likevel òg namnetNación Mexicana «Den meksikanske nasjonen».[1] Grunnlova frå1857 gjer bruken av namnetRepública Mexicana («Den meksikanske republikken») offisiell, men i teksten nyttar ein ògEstados Unidos Mexicanos.[2] Den gjeldande grunnlova frå1917 gjer det klart at det offisielle namnet til landet erEstados Unidos Mexicanos.

Det finst fleire hypotesar om kvar ordetMexico stammar frå. Det einaste som er sikkert at det dreier seg om ein forspansking av ordetMēxihco, eit ord frånahuatl som var namnet på hovudstaden tilmexicaene (Aztekarriket). Eit forslag går ut på at ordet kan tolkast som 'staden der Mēxitli (eller Mēxtli) bur', krigsguden til mexicaene. Eit anna forslag seier at namnet kjem av ordamētz-tli 'måne' ogxīc-tli 'navel, sentrum' og morfemet-co 'i, på staden til'. I så fall tyder Mexico 'Senteret til månen' eller 'Sentrum av innsjøen til månen', som var eit av namna mexicaene hadde forTexcocosjøen. Denne forklaringa er likevel ikkje etymologisk tilfredsstillande, sidan ho verken tek omsyn til lengda til i-en ixīc- eller denglottale plosiven som skulle koma førlokativen, og at ho føreset eit irregulært bortfall av-tz imētz-.

Geografi

[endre |endre wikiteksten]
Kart over Mexico

Mexico dekker nesten to millionar kvadratkilometer (seks gonger så stort som arealet til Noreg) på begge sider avKrepsen sin vendekrins. Mot nord grensar Mexico til USA, og dryge halvparten av grensa følgjer elvaRío Bravo del Norte, iUSA kjend somRio Grande. Den vestre grensestrekninga går for det meste gjennom ørken og halvørken. Heile det nordlege Mexico er prega av ørken, sjølv om nokre fjellstrøk er skogkledde, og det blir drive jordbruk i oasar.

På vestkysten ligg den tynt folkesette, knusktørreCaliforniahalvøya, den lengste halvøya i verda.

Sør for ørkenen ligg det fruktbare områdetBajío, som strekkjer seg frå kyst til kyst, og der ein finn store byar somGuadalajara,León ogQuerétaro.

Det sentrale høglandet rundt Mexico by er prega av mektige vulkanar, og fjellområdet blir kallaLa Cordillera Neovolcánica ellerDet transmeksikanske vulkanbeltet. Busetjinga her ligg over 2000 meter over havet, delstatshovudstadenToluca ligg eksempelvis ca. 2600moh. I tillegg til vulkanane, somPopocatépetl, finst det skogkledde fjell, fruktbare dalar og lommar av ørken i regnskuggen. Denne landskapstypen pregar òg fjellstrøk iOaxaca ogChiapas. Dette området har ein klart avgrensa regnperiode i juni–september, og er elles forholdsvis tørt. Det gjeld òg kystområda på begge sider, som er prega av tørr skog.

Popocatépetl, ein vulkan i La Cordillera Neovolcánica

Klimaet i Mexico er i stor grad mykje rolegare og mindre variert enn i nabolanda i nord.Tropiske orkanar er derimot ein trugsel på både austkysten motMexicogolfen ogKaribia, og på den sørlegestillehavskysten. Ein kan få kraftige flaumar i dei høgareliggande områda når gamle orkanar går innover land, eller i samband med vedvarande pålandsvind mot dei sørlege fjellsidene avChiapafjella, særleg i avskoga områda. Bortsett frå dette er klimaet i Mexico stort sett harmlaust.

Mot sør aukar nedbøren, og i delar av Chiapas ogYucatán finst det store område med tropisk regnskog. Den flate Yucatán-halvøya er elles prega avsavanne. Utanfor kysten avQuintana Roo ligg dei største korallreva i Amerika, som strekkjer seg inn iBelize ogHonduras.

Folktettleiken er størst i høglandet rundt Mexico by, og dessutan i Bajío. Ørkenen i nord og jungelområda i sør er tynt folkesette. Storbyar langs eller nær grensa mot USA, somTijuana,Mexicali,Hermosillo ogCiudad Juárez har eksplodert i storleik dei siste åra.

Mexico har eit rikt mangfald av dyr- og planteliv. Det finst over to hundre tusen artar i landet. 170 000 kvadratkilometer av landet er vernanaturreservat.

Historie

[endre |endre wikiteksten]

Mexico var åstaden for oppbløminga av fleire høgkulturar før den spanske erobringa frå 1519. Jordbruket, medmais,bøner,chili ogavokado, oppstod i dalane i det sentrale høglandet for 8000 år sidan. Etter kvart oppstod det jordbrukssamfunn og høfkulturar i områda sør for den såkalla Chichimeca-linja, som går fråGuadalajara tilTampico. I områda nord for linja budde det nomadestammar som livnærdt seg gjennom jakt og fiske. Kulturområdet sør for linja blir kallaMesoamerika, og strekkjer seg ned tilHonduras,El Salvador ogNicaragua. Her avløyste ei rekkje kulturar kvarandre, som hadde mange fellestrekk.

Olmekiske kjempehovud, no i museum iXalapa.

Olmekarar, Teotihuacan og klassisk Veracruz

[endre |endre wikiteksten]

Den første kulturen var denolmekiske, som bløma i delstataneVeracruz ogTabasco. Han er spesielt kjend for dei store steinhovuda olmekarane laga. Den neste store høgkulturen oppstod rundt storbyenTeotihuacán, som bløma frå kring Kristi fødsel til byen blei brunnen og øydelagd rundt år 750. Samstundes bløma det ein kultur på Golfkysten som blir kallaKlassisk Veracruz, sentrert rundt storbyenEl Tajín.

Etter at blei øydelagd Teotihuacáns kom det eit nytt folk frå nord,toltekarane, som hadde hovudstad iTula frå ca. 900 til ca. 1100. Detta var eit krigersk folk, som blant anna erobra store område av Mesoamerika, og som auka talet på menneskeofringar.

Ruinane av eit av templa i mayabyenChichen Itza.

Mayakulturen

[endre |endre wikiteksten]

På same tid blomstramayakulturen i sørlege Mesoamerika, på Yucatán-halvøya, iChiapas, og dessutan iGuatemala,Belize og delar avHonduras ogEl Salvador. Denne kulturen oppstod før Kristi fødsel, og den første store bløminga skjedde frå 500-talet. På 800-talet viste likevel mayakulturen teikn til forfall, og mange av byane blei forlatne rundt år 900. Samstundes opplevde Yucatán-halvøya ein toltekisk invasjon frå sentrale Mexico. I deler av området haldne fram kulturen likevel å blomstra heilt fram til ca. 1540.

Zapotekarar og mixtekarar

[endre |endre wikiteksten]

Også andre område opplevde ei kulturell bløming. IOaxaca varzapotekarkulturen sentrert rundt seremonisenteretMonte Albán. I mellomalderen blei denne kulturen avløyst avmixtekarane. IMichoacán blomstra tarascokulturen (no kallapurépecha) i hundreåra før den spanske erobringa. Det finst også døme på høgkulturar nord for chichimekargrensa, somPaquimé iChihuahua.

Aztekarane og samtidige grupper

[endre |endre wikiteksten]
Ei framstilling av grunnleginga avMexico-Tenochtitlan fråCodex Mendoza.

Aztekarane kom inn i Mexico-dalen rundt 1300, og grunnla hovudstaden sin på ei øy iTexcocosjøen i1326. Etter kvart erobra dei naboane sine rundt sjøen. Frå 1426 danna dei den såkallatrippelalliansen saman medTexcoco ogTlacopan. Seinare erobra dei det meste av området vest forTehuantepec-eidet. Berre stataneTlaxcala aust for Mexico by og Purépecha-nasjonen i vest stod i mot. Aztekarane utbytte dei undertvinga undersåttane sine. I tillegg til rikdomar måtte desse levera menneske til menneskeofring.

Spansk erobring

[endre |endre wikiteksten]
Hernán Cortés ogLa Malinche møterMoctezuma II. Framstilling fråLienzo de Tlaxcala, skapt ca. 1550.

Den spanske erobringa byrja i1519, då den spanske conquistadorenHernán Cortés gjekk i land ved den staden som i dag er kjent somVeracruz. I eit toårig felttog med ganske små spanske styrkar men etter kvart talrike hjelpestyrkar frå anti-aztekiske urfolk klarte han å styrta heile det mektige aztekarriket. I løpet av få år blei heile det sentrale og sørlege Mexico erobra.

Massakrar og hardt slavearbeid følgde for aztekarane og dei andre folka i den nye kolonienNy-Spania. Dei fleste urfolke blei likevel drepne av nye og heilt ukjende sjukdomar som t.d.koppar, som folkesetnaden ikkje hadde motstandskraft mot. Ein rekner med at det budde 18 millionar menneske i den regionen som blir kallaMesoamerika i 1519. Ved slutten i hundreåret var talet redusert til ca. 2 millionar urfolk.

Kolonien Ny-Spania

[endre |endre wikiteksten]

Den katolske religionen fekk fotfeste i området, særleg etter at den mørkhudaJomfrua av Guadalupe viste seg i 1531. Tiggarmunker oppretta misjonsstasjonar og skular over heile landet. Det blei tidleg oppretta skular for urfolka.

Munkeordenane var ein viktig del av koloniseringa, ettersom dei arbeidde for å omvenda urfolket til katolisismen, og dermed passiviserte dei. Dei første munkane slo seg til i og rundt Mexico by, men etter kvart nådde dei òg meir fjerntliggande område.

Dei tre hundre åra med spansk styre hadde eit klart skilje mellom rettane og stillinga til dei ulike folkegruppene. Nedst på rangstigen stod dei afrikanske slavane, deretter kom urfolk, så følgdemestisane, og såcriollos, folk av europeisk avstamming fødd i Mexico. Dei einaste som kunne ha offentlege posisjonar var likevelpeninsulares, folk fødd i på den spanske halvøya i Europa, sjølv om dei ofte hadde ein sosialt sett audmjuk bakgrunn frå Spania.

Mexico var ein av dei rikaste koloniane til Spania, og mellom anna sølvgruvene i den sentrale delen av landet, t.d. iTaxco ogGuanajuato, gav grobotn for økonomisk vekst. Store byar som Mexico by,Puebla,Guadalajara og andre var senter for lærdom, kunst og handel. KolonienFilippinane blei kolonisert frå Mexico, og handelen mellom Filippinane og Spania gjekk via Mexico. Denne handelen blei tidleg truga av engelske, nederlandske og franske sjørøvarar. Kystbyane og handelsflåten blei utsette for stadige brutale sjørøvaråtak frå midten av 1500-talet til byrjinga av 1700-talet.

Sjølvstendekamp

[endre |endre wikiteksten]
Miguel Hidalgo måla avAntonio Fabrés.

I 1767 blei den innverknadsrikejesuittordenen forboden i det spanske riket, noko som sterkt prega kolonien. Motsetningsforholdet mellom «criollos» og «peninsulares», saman med generell misnøye, skattetrykk og til sistNapoléon sitt inntog iSpania, utløystesjølvstendekampen frå 1810 av. Den katolske prestenMiguel Hidalgo er blitt kjend som ein opprørsleiar for sittrop i Dolores og for å ha marsjert gjennnom landet og samla ein svær bondehær.

Ein hær på 80 000 mann gjorde etter kvart store landevinninger og erobra alle byane i den rike, vestre delen av landet. Avgjerda om ikkje å ta Mexico by i 1811 var likevel skjebnesvanger, og snart slo dei spanske regjeringsstyrkane tilbake og gjenerobra dei fleste byane. Motstandskampen heldt likevel fram i avsidesliggande område, og i1813 møttest ei riksforsamling i byenChilpancingo iGuerrero for å bli samde om ein grunnlov for den framtidige staten. Omslaget kom endeleg då den spansktru generalenVicente Guerrero skifta side, og dermed tvinga fram ei spansk evakuering i 1821.

Sjølvstende

[endre |endre wikiteksten]

Etter sjølvstendet erklærteAgustín de Iturbide seg somkeisar av Mexico i 1822. Året etter blei han avsett, og landet blei gjort om til republikk. GeneralGuadalupe Victoria blei den første presidenten i landet.

Territorium avstått til USA i 1848. Gasden-kjøpet frå 1853 i gult.

Samstundes føregjekk det krigføring om Mellom-Amerika, som ikkje ynskte å vera del av Mexico. Også iTexas, som hadde tilhøyrd den meksikanske kolonien sidan 1600-talet, var det uro. I 1836 erklærte teksanarane sjølvstende. I 1841 braut også Yucatán-halvøya med sentralregjeringa, og blei først gjeninnlemma i Mexico i 1848. Mellom 1846 og 1848 førte USA ein krig mot Mexico fram til store delar av landet, inkludert hovudstaden, var okkupert. I fredsavtala etterpå måtte Mexico avståAlta California og det som i dag erUtah,Nevada,Colorado,New Mexico,Arizona ogTexas tilUSA. Denne krigen blir i USA kalla for «Mexico-krigen», men i Mexico for «den nordamerikanske invasjonen».

På 1860-talet blei Mexico erobra avfranske troppar, som innsetteMaximilian som meksikansk keisar. Under leiing av den karismatiske reformatoren og zapotek-indianerenBenito Juárez blei likevel Maximilian driven tilbake, og blei til slutt teken til fange og avretta i 1867. Samstundes blei det innført liberale reformer som blant anna skilde kyrkje og stat.

Etter ein reformperiode blei Mexico mot slutten av 1800-talet styrt av den diktatoriskePorfirio Díaz, som gjennomførte storstilte utbyggingar av vegar og jarnbaner, men samstundes tok bort jord frå vanlege folk og opna for amerikansk og europeisk utnytting. Utviklinga under «El Porfiriato» auka klasseskilja, og skapte stor misnøye både i det liberalorienterte borgarskapet og på landsbygda, der folk mista jorda si.

Den meksikanske revolusjonen

[endre |endre wikiteksten]
Francisco I. Madero medEmiliano Zapata iCuernavaca under den meksikanske revolusjonen.

I1910 brautden meksikanske revolusjonen ut. Den liberale opposisjonsføraren Francisco I. Madero vann uventa presidentvalet det året, og valet blei underkjent. Eit breitt folkeleg opprør sørgde for å sikra Madero makta. Porfirio Diaz blei avsett og drog i eksil i 1911, medan Mexico gjekk inn i ein endelaus kamp mellom ulike opprørsgrupper og regjeringssoldatar. I 1913 greip dei konservative makta og avsette Madero, som så blei avretta. I 1917 blei hovudstaden teken av opprørarane, og ei ny grunnlov som enno gjeld blei utarbeidd. Revolusjonen førte truleg til tapet av ein million liv i Mexico, og var prega av stor brutalitet.

Mellomkrigstid og etterkrigstid

[endre |endre wikiteksten]

Revolusjonsgrunnloven av 1917 var sterkt anti-katolsk, og blei følgd opp med ei rekkje anti-katolske tiltak. I 1924 blei desse tiltaka ytterlegare skjerpa, slik at ein kunne tala om ei regulær forfølging. Dette utløyste ein katolsk-konservativ geriljarørsle,cristeros, som på 1920-talet fekk sterk støtte iJalisco,Michoacán og delstatane rundt.

PresidentLázaro Cárdenas nasjonaliserte oljeressursane i landet i 1938, noko som førte til internasjonal boikott av landet.

1940- og 50-talet var prega av økonomisk oppsving, blant anna drive fram av eksporthøva som følgje av USA si krigsdeltaking, og dessutan mangelen på importvarer som igjen fremja innanlandsk industriutvikling.I 1968 arrangerte Mexico by OL, men før hendinga blei hundrevis av studentarmassakrerte under ein demonstrasjon iTlatelolco i Mexico by. Mexico arrangerteFotball-VM i 1970 og i1986. Medan åttitalet var prega av oljedriven rikdom, var nittitalet ein økonomisk nedtur. I 1994, ved utgangen av presidentperioden tilCarlos Salinas, gjekk pesoen kraftig ned i verdi, og landet gjekk inn i ei djup krise som Salinas fekk skulda for. Krisa førte i sin tur til allmenn diskreditering av partiet PRI og ei undergraving av maktmonopolet det hadde hatt. I 2000 måtte PRI gje frå seg makta tilVicente Fox frå det konservative partiet PAN. I presidentperioden til Fox bygde Mexico seg sakte opp att etter peso-krisa. Politisk heldt PRI likevel på makta i mange av delstatane, og heldt fram med å vinna guvernørval. Også det venstreorienterte partiet PRD, leia av ein tidlegare ordførar av Mexico by,Andrés Manuel López Obrador, stod politisk sterkt. Presidentvalet 2006 var særs jamt. Vinnaren av valet bleiFelipe Calderón frå det nasjonale handlingspartietPAN. Calderon vann med omtrent 250 000 stemmer framfor Lopez Obrador. Venstresida i Mexico har ved fleire høve skuldga høgresida for valfusk, og López Obrador hadde enno ikkje akseptert valresultatet då Felipe Calderón avla eid som president av Mexico den 1. desember 2006.

Styresett og politikk

[endre |endre wikiteksten]
Det meksikanske flagget utanforPalacio Nacional i Mexico, på hovudplassen i Mexico by, Plaza de la Constitución ellerZócalo.

Ifølgje grunnloven av 5. februar 1917 er Mexico ein demokratisk,føderal og representativ republikk av 31 uavhengige og suverene delstatar og eit forbundsdistrikt som forbundet blir styrt frå. Styresettet i delstatane og i forbundet er delt i tre makter, utøvande, lovgivande og dømmande. Den utøvande makta ligg hjå presidenten av republikken. Presidenten er samtidig både statssjef og regjeringssjef, og han utnemner regjeringsmedlemmane. Presidentperioden er på seks år, og presidenten kan ikkje veljast om att. Skulle presidenten hindrast frå å fullføra sin periode, vil kongressen peika ut ein interimpresident. Den lovgivande makta ligg hjå Unionkongressen, Congreso de la Unión, som er delt i to kammer: Senatkammeret,Cámara de Senadores (kortsenado, 'senatet') og Deputertkammeret,Cámara de Diputados (kortCámara baja, 'underhuset'). Senatet har 128 senatorar, minst tre frå kvar delstat. Senatet blir vald kvart sjette år, og perioden tilsvarer presidentperioden. Deputertkammeret består av 300 deputerte frå einmannskrinsar og 200 valde i fleirmannskrinsar. Dei sistnemnde kan samanliknast med dei norske utjamningmandata. Kvar delstat er representert med minst fire representantar i Deputertkammeret, og dei deputerte blir valde kvart tredje år. Verken senatorane eller dei deputerte kan veljast om att til det same kammeret. Dei folkevalde kan ikkje seia frå seg stillinga, men kan i nødsfall søka om å fråtre.

Den dømmande makta ligg hjå Høgsteretten til nasjonen,Suprema Corte de Justicia de la Nación, og hjå ulike allmenne og spesialiserte domstolar. Høgsterett er sett saman av 11 dommarar utnemnd av Unionkongressen. Høgsterettsdommarane sit i 15 år.

Administrativ inndeling

[endre |endre wikiteksten]

Mexico er oppdelt i 31 delstatar (estados) og eit føderalt distrikt (det føderale distriktet i Mexico), som er heimstad for hovudstadenMexico by. Omgrepet «føderale einingar» blir brukt som ein samlebetegnelse for alle delstatane og det føderale distriktet. Den største delstaten i areal er Chihuahua, medan den minste erTlaxcala. Det meste folkeriket erEstado de México, og delstaten med færrast innbyggjarar erBaja California Sur. Då Dei sameinte meksikanske statane blei grunnlagde i 1824, bestod republikken av 19 delstatar og tre føderale territorium. Seinare same år blei det føderale distriktet oppretta, ogTlaxcala blei det fjerde føderale territoriet. Mexico mista etter kvart store landområde til USA. Fleire av dei gjenverande delstatane blei med åra delt opp i mindre einingar, og dei føderale territoria blei litt etter litt omgjort til delstatar. I1974 fekkBaja California ogQuintana Roo, dei to siste gjenverande føderale territoria, status som delstatar.

Folkesetnad

[endre |endre wikiteksten]
Ein meksikansk skuleklasse ca. 1934 med språkforskarenRosario María Gutiérrez Eskildsen, av spansk og dansk avstamming, som lærar.

Det finst to hovudgrupper i landet, urfolk («indigenas») og mestisar. Det finst òg nokre få av hovudsakleg europeisk avstamning, og ein del folk av (delvis) afrikansk og asiatisk opphav. Mange afrikanarar blei tekne til Mexico som slavar, som så blanda seg med mestisane. På kystane er det eit synleg afrikansk innslag i folkesetnaden. I statane Puebla og Michoacán finst det samfunn som snakkaritaliensk, og i Nord-Mexico finst det små samfunn avtysktalandemenonittar. Begge gruppene kom til Mexico i løpet av 1800-talet. Kinesarane som kom til Mexico for å byggja jarnbaner i løpet av det 1800-talet blei møtt med sterke fordommar, og denne gruppa er no tilnærma heilt assimilert i folkesetnaden. Tysktalende jødar, mange avdei flyktningar frå nazitida, dannar òg ei lita gruppe i hovudstadsområdet.

Urfolk i Mexico

[endre |endre wikiteksten]

I folketeljingar reknar ein innbyggjarar somurfolk, ellerindígena, om dei oppgjev at dei taler eit av dei 62 urfolkssspråka i landet. Denne gruppa utgjer ca. 10 % av innbyggjarane i Mexico. Dei mest utbreidde urfolksspråka ernahuatl i området rundt Mexico by og Puebla,yukatansk mayaYucatánhalvøya,zapotekisk ogmixtekisk i Oaxaca,tzotzil iChiapas ogotomí i Hidalgo. Sørlege statar som Chiapas, Oaxaca og Yucatán har flesturfolksinnbyggjarar,og innslaget er òg stort i dei sentrale delane av landet. Mot nord er urfolkgruppene få og spreidde. I alle fall 20 av dei 62 språka blir i dag tala av svært små grupper, og er sterkt truga. Urfolka er generelt dei fattigaste i samfunnet, og bur ofte slumstrøk i Mexico by. Likevel identifiserer meksikanarar seg med urfolkkulturane sine. Representantar frå urfolka har mellom anna blitt valde til president; den første varBenito Juárez.

Dei fleste andre innbyggjarane stammar både frå urfolk og spanjolar, og snakkar spansk. Ofte kan ein ikkje sjå skilnad på urfolk og mestisar, dersom ikkje urfolka ber folkedrakter.

Meksikansk spansk

[endre |endre wikiteksten]

Mexico er det største spansktalende landet i verda. Spansken ein bruker i Mexico har innslag av prekolumbiske språk, særlegnahuatl. Spesielt gjeld dette namn på mat, råvarer, lokale dyr og innan slang. Mange meksikanarar legg likevel vekt på å snakka eit korrekt, internasjonaltspansk. Mexico er ein stor produsent av filmar, popmusikk ogtelenovelaer. Dermed er meksikansk spansk kjend og forstått i heile den spansktalande verda. Det finst ein del dialektskilnader innanfor Mexico, og særleg i nord og på kystane finst det markerte dialektar, men desse er ikkje er altfor langt frå standard latinamerikansk spansk.

Mange stadnamn i Mexico inneheld x-ar. Ein x kan koma midt i ordet, slik som México eller Oaxaca, eller i byrjinga, somXalapa ogXochimilco. Uttalen av x-en kan variera.Xalapa ogOaxaca blir uttalt med j-lydar, medan Xochimilco blir uttalt med -s. I ordetTlaxcala blir x-delen uttalt -ks.

Dette er eit særmeksikansk fenomen, og kjem av samspelet mellom spansk ortografi og urspråka i Mexico. På 1500-talet varx mykje brukt i spansk ortografi, og kunne skildra ulike lydar. Når så rettskrivinga endra seg, var x-en i stadnamn allereie så vanleg at ein ikkje endra skrivemåten.

Pilegrimar på sykkel medjomfrua av Guadalupe-flagg.

Mexico er strengt sekulært, og religion blir rekna som ei privatsak. Dette er ein tradisjon som går attende tilLa Reforma på 1860-talet, då makthegemoniet til kyrkja blei brote. Først president Salinas (1988–94) gjeninnførte diplomatisk samband med Pavestolen, etter at det hadde vore brote sidan den meksikanske revolusjonen. Særleg på 1920-talet var konfliktnivået høgt, med både ein katolsk såkalt cristero-gerilja og hardhendte antiklerikale tiltak frå regjeringa. I store delar av det 1900-talet har staten lagt strenge restriksjonar på kyrkja, og ho kan til dømes ikkje eiga land. Offisielle kalendrar kallar ikkje 25. desember for «jul», men «tradisjonell fest».

Trass dette problematiske tilhøvet er 82,7% av folkesetnaden katolsk, og livet for mange meksikanarar er prega av eit nært tilhøve til kyrkja. Nesten halvparten av folkesetnaden går til messe minst éin gong i veka.Jomfrua av Guadalupe er vernehelgen for Mexico, og festdagen hennar den 12. desember er ein uoffisiell nasjonaldag.

Katolske ritual er ofte sterkt påverka av kulturen til urfolka i mange område, og i nokre tradisjonelle urfolksamfunn er den katolske trua berre ein ytre ferniss. Dei fleste av den libanesiske minoriteten ermaronittar, som er ei av kyrkjene i Midtausten som anerkjenner paven. Maronittane har eigne kyrkjer i dei største byane.

Seks prosent av folkesetnaden er ulikeprotestantar,mormonarar ogJehovas vitne, og desse trusretningane er særleg populære blant urfolk i Sør-Mexico. Nokre få urfolksamfunn har òg halde på sin opphavlege religion. I Mexico by bur det ein liten jødisk minoritet. Islam er òg representert i Mexico, først og fremst ved innvandrarar frå Midtausten, men det finst òg eit lite samfunn av urfolk som har gått over tilislam i delstatenChiapas.

Økonomi

[endre |endre wikiteksten]
Marknad i Mexico i 1980.

Mexico er ifølgje Verdsbanken den 12. største økonomien i verda mælt i kjøpekraftsparietet, og 13. størst mælt nominelt. Landet spelar såleis ei stor rolle i verdsøkonomien. I 1994 gjekk Mexico gjennom ei djup krise med fall i peso-kursen i høve til dollar, og dette gjekk sterkt utover kjøpekrafta til folk. Sidan har Mexico hatt ei imporerende forbetring i økonimien. Ifølgje Verdsbanken har mengda absolutt fattige gått ned frå 24,2 til 17,6 i perioden 2000-2004. Meksikanarane sjølv reknar med ca. 20% absolutt fattige, medan 50 % er fattige, men ikkje absolutt fattige. Dei andre 30 % utgjer middelklassa, og nokre hundre familiar er svært rike.

Landet er svært avhengig av svingingane i USA sin økonomi, og nedturen etter 2001 var merkbar også i Mexico. 85 % av handelen går til USA. Ei større innanlandsk kjøpekraft har likevel halde veksten oppe. Mexico er med iNAFTA, og har dermed fått etablering av amerikansk og kanadisk industri, men har til gjengjeld måtta opna opp for konkurranse på industrivarer og jordbruksprodukt på heimebane. Vidare har Mexico frihandelsavtaler med ei rekkje land og blokker, blant anna EU og Japan.

Mexico er ein stor eksportør av olje og gass. Oljeutvinninga føregår i det sørlegeVeracruz og i den vesle, rike delstatenTabasco, til dels òg på kontinentalsokkelen utanfor. Industrisektoren i landet er konsentrert i storbyene i det sentrale høglandet, slik somMexico by,Puebla,Guadalajara og León, og dessutan i den første eigentlege industribyen i landet,Monterrey i nordaust. Områda i sør og på landbygda er utprega fattige.

Det har vaske fram ny industri langs grensa til USA, der «maquiladoras», amerikanske og kanadiske industriføretak lokka av lågare lønninger, har etablert produksjon av ferdigvarer. Hit kjem fattige frå dei sørlege delane av landet for å arbeida i industrien, og regionen har opplevd stor folkesetnadsauke og stigande velstand. Nokre byar, somTijuana,Mexicali ogHermosillo, har fordobla folketalet kvart tiande år.

Turisme, først og fremst frå USA ogCanada, men òg i aukande grad frå Europa og Japan, bidreg til handelsbalansen. Turismen er konsentrert i store badebyar langs kystane, slik somAcapulco,Ixtapa ogHuatulco på stillehavskysten, ogCancún på den karibiske kysten. Med 39,3 millionar utanlandske vitjande i 2017 var Mexico det tredje største turistmålet i verda.[3]

Fleire millionar meksikanere i USA bidreg til den meksikanske økonomien ved å senda pengar heim.

Kultur

[endre |endre wikiteksten]

Mat og drikke

[endre |endre wikiteksten]

Grunningrediensane imeksikansk mat er delvisprekolumbiske, slik som mais, bøner, avokado, tomat, grøn tomat, chili, squash og kalkun, og nokre er innførte, slik som kveite, oksekjøt, svinekjøt, kylling, vin, oliven osb.

Daglegkosten i store delar av Mexico er prega av maislomper,tortillas, bøner,frijoles og chilisaus av tomat, chili og lauk,salsa.Tamales er maismasse pakka inn i dekkblad frå maiskolbar.Taco har opphav i Mexico.

Musikk og dans

[endre |endre wikiteksten]
Jarabe tapatío, ein folkedans frå Jalisco

Den best kjende musikkforma frå Mexico ermariachi fråJalisco, som er prega av gitar og trompetar, og er blitt eit varemerke formeksikansk musikk. FråSinaloa kjem den rytmiskebanda-musikken, medannorteño frå nordaust er prega avcountry ogtex-mex.Son Jarocho frå Golfkysten blir typisk spelt på harpe, og har karibiske innslag.Marimba er det føretrekte instrumentet på Yucatán-halvøya.

Mange urfolk har eigne tradisjonar innan song og dans, somDanza de lós Voladores de Papantla frå totonac-kulturen i statenVeracruz. Fire menn kastar seg ut frå ei høg, vertikal stong med tau rundt beina. Så lèt dei seg langsamt snurra ned opp ned til bakken til rytmen av ei einsleg tromme.

Cumbia, som eigentleg kjem fråColombia, er utbreidd som festdans, og har liknandestatus som dansebandmusikk i Noreg. Det same gjeld dei populære karibiske rytmanesalsa ogmerengue. Middelklassen i storbyen høyrer like gjerne på pop og rock, anten importvare eller spanskspråkleg frå Mexico og resten av Latin-Amerika.

Oppsvinget forlatinomusikk har ført til stor interesse for meksikansk populærmusikk over heile verda:Thalía,Luis Miguel,Paulina Rubio,Gloria Trevi,RBD og andre har vekt oppsikt også internasjonalt.

Songen «Cielito Lindo» er eit uoffisielt nasjonalsymbol for Mexico, og blir sungen for å uttrykka nasjonal identitet og nasjonalkjensle og for å heia fram landa under internasjonale idrettsarrangement.

Festar og tradisjonar

[endre |endre wikiteksten]

Mexico har ei rekkje tradisjonelle festivalar og opptog med dans og musikk. Blant dei viktigaste dagane for meksikanerne er følgjande:

  • «La Semana Santa»,påskeveka, blir feira med opptog og pasjonsspel, med svært livaktige krossfestingsscener med heile kyrkjelyden som deltakarar.
  • 10. mai ermorsdag, og i eit land der mødrer har stor tyding blir dei ofte tekne ut av menn og søner.
  • 1. og 2. november, i samband medallehelgensdagen ogDía de Muertos, dreg meksikanarar på kyrkjegarden og har eit godt måltid i nærvær av forfedrane sine.
  • 12. desember feirar ein vernehelgenen til Mexico,Virgen de Guadalupe, med opptog og messar over heile landet.
  • 16.–24. desember går små born utkledd som Maria og Josef iposadas, som endar med fest og moro.
  • Natt til 25. desember feirar einjul med kyrkjegang og stor middag etterpå.
  • 6. januar kjem «lós Reyés», heilage tre kongar, og gjev borna julegåver.

Det finst store mengder prekolumbisk kunst i meksikanske museum, og tempelfriser og skulpturar frå dei ulike kulturane viser eleganse og variasjon. Dei eldste kunstverka er dei store steinhovuda frå Olmec-kulturen på Golfkysten.

Mexico har òg verdifull kunst og arkitektur frå kolonitiden. Dei eldste kyrkjene stammar frå tida rett etter erobringa, og er typiske forsvarskyrkjer med seingotisk interiør og fasadar i plateresco-stil (tidleg renessanse). Nokre kyrkjer jar ògmudéjar-innverknad, inspirert avmaurisk spansk arkitektur. Ein meir utvikla renessansestil, kalla herresco, blei utvikla seint på 1500-talet, det flottaste monumentet i denne stilen er Catedral Metropolitana i Mexico by, som blei påbyrja i 1573. Frå 1600-talet av prega barokken arkitekturen, og i løpet av 1700-talet blei den frodige, originale churriguresco-stilen utvikla. Den mest kjende kyrkja i denne stilen er Santa Prisca i Taxco. Utsmykkinga både i kyrkjer og verdslege hus blir i stor grad gjort av urfolkkunstnarar, som nytolkar dei europeiske strøymingane og tilfører kraftigare fargar og meir liv.

Blant dei mest originale bidraga til kunsten frå Mexico er dei mange monumentale freskemåleria frå 1920-talet og framover, som typisk presenterer historia i landet med revolusjonær glød. Blant dei mest kjende muralistene erDiego Rivera. Kona hansFrida Kahlo er kjend for sine høgst personlege sjølvportrett.

Meksikansk litteratur kan skilta med namn som nobelprisvinnarenOctavio Paz, og dessutanLaura Esquivel, som har hatt stor suksess med bokaComo agua para chocolate, på norskHjerter i chili. Det finst att litteratur frå førkolumbisk tid, og i tida rett etter erobringa gav prestar ut oppbyggjelege bøker på nahuatl.

Nasjonalidretten i Mexico er hestesportencharrería.

Delstatar i Mexico

[endre |endre wikiteksten]

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. Constitución de los Estados Unidos Mexicanos (1824),passim
  2. Constitución de la República Mexicana (1857),passim
  3. UNWTO Tourism Highlights: 2018 Edition, UNWTO, 2018, s. 8.

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld:Mexico
WikifrasarWikifrasar har ei sitatsamling som gjeld:Mexico
Medlemmar
Observatørar
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Mexico&oldid=3559630»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2026 Movatter.jp