Metasomatose er ei kjemisk omvandling av einbergart ved stoffutveksling, der einskilde stoff i den opphavlege bergarten blir heilt eller delvis fjerna og erstatta av tilført stoff utanfrå.Temperatur ogtrykk, i tillegg til dei kjemiske komponentane som er med i prosessen, er avgjerande for kva slags nyemineral som erstattar dei gamle.
Dei nye kjemiske stoffa kan tilførast ipneumatolytisk (i gassform) ellerhydrotermalt (i væsker).
Dei metasomatiske prosessane er særskild vanlege i område kring magmatiskeintrusjonar, særleg igranittar.Kalksteinar er særleg utsette for metasomatose, og mykje verdifullmalm har oppstått ved slik metasomatose, somkopar,vismut,sink,bly,sølv ogjarn (skarnmalm). Ein finn fleire skarnførekomstar iOslo- ogArendalsfeltet i Noreg.
Granittisering,fenittisering oggreisdanning er andre døme på metasomatiske prosessar.